Idag har vore ein spennande, men slitsom dag. Heile flystasjonen, og meg, var på tur til eit fjell her i Bodø som heiter Skaugtuva. Motivasjonen var at det var grilling og ein overraskelse på toppen. Overraskelsen hadde jo dei fleste på stasjonen funne ut på forhand, så det vart vel meir ein motivasjonsfaktor når svetten rann i den første bratte bakken. Altså, til å vere eit fjell på bare 600 m, så var turen ganske så tung sidan det var rett opp i ein time, før vegen bortover starta. Været var uheldigvis ikkje heilt optimalt, så bildene blei deretter.. :/ Det var i allefall ein fin opplevelse!
2 kommentarer
God helg! Kos deg masse
Så herlig