Hyttetur til Oppdal i sesongens første snø!

I helga har vi hatt ein koselig hyttetur ilag med eit vennepar av oss. 😊 Vi var til Oppdal, eller nærmare sagt Nerskogen, ca 15 min frå Oppdal sentrum. Det var som dåke kan sjå komt snø på fredagen, og lørdagen låg snøen faktisk fortsatt som eit kvitt dekke rundt hytta. Imponerande i september!😅

Eg og Tone tok turen ned til Oppdal sentrum på lørdag, for å komme oss litt ut av hytta. Eg hadde som sagt aldri vært i Oppdal før, og blei faktisk litt imponert over utvalget dei hadde der! Vi skulle jo ikkje kjøpe nåke då, men klarte sjølvsagt å «redde» nåken nøster med garn i frå Husfliden..🙈

Då vi kom heim frå shoppingrunden satt vi oss ute og nøyt sola og vinden litt.. Egentlig då var det rett og slett litt påskestemning i solveggen!☀

Vi var i badstu, åt god mat, spelte spel og strikka. Ei heilt super helg som vi fekk tilbringa med to fantastisk fine folk vi er heldige å ha rundt oss her oppe 😊 Vi håpar på gjentagelse når vinteren virkelig har slått inn!😁

Er det vinter no..?

Er det virkelig sant? Det snør! ❄

Eller det snør ikkje på Ørlandet då, men i helga er vi på hyttetur ilag med Tone og Andreas 😊 Vi er på Oppdal, og var egentlig veldig spent på korleis føret skulle være oppover. Vi hadde skodd oss bra, så piggdekka var på 😎

Altså sjå på dette her då! Og i kveld har det bare snødd enda meir, så eg er veldig spent på kor mykje snø det er ute i måro. Egentlig er det veldig rart med snø i september, men heldigvis er det kun på fjellet 😎

Høstfargar i heimen!

Reklame | princessbutikken.no

Endelig høst og tid for innekos!

Høsten er og litt synonymt med interiør for meg som jobbar i interiørbutikk. No om dagane bugner det av nye varer kvar einaste dag, og det er så gøy! Deilige mjuke pledd, puter, lysestakar, lykter og vaser, eg blir nesten heilt dårlig av alt det fine som finnes i butikkane om dagane. 

Velour, skinn, ull og vevd stoff er nøkkelorda til interiøret denne hausten.  Fargane er som alltid like deilige som tidligare; oker, rust, oransje, gull, mørk grønn og sjølvsagt blå. Det er jo ikkje nåke å tvile på at eg trekker heilt klart mest mot dei blåe tonane, men denne hausten er eg faktisk litt luren på om eg skal prøve å lure inn ei lita oker pute, bare sånn for å prøve.. Det kan jo være at eg likar det då! 

Eg har i alle fall funne veldig mykje fint inne på Princessbutikken.no, og lurer på om eg skal klikke heim nåken av dei fine putetrekka dei har der inne. Det er forresten 3 for 2 på putetrekk og, og når du skal kjøpe putetrekk så går det jo ikkje an å bare kjøpe eit… Eg må alltid ha fleire, elskar puter!

Fargane på bildet under her synes eg er så fine, men eg veit eg ikkje hadde klart å ha dei heime hos meg sjølv. Likevel så lever eg litt i håpet om at ein vakker dag så kanskje eg klarer å nyte hausten med alle dei deilige varme fargane inne i stova mi og. 😊

PSPrincess har og fri frakt på bestillingar ut denne månaden, så det er bare å shoppe!

#shopping #reklame #sponset #samarbeid #interiør #innredning #høst

New York

Etter som at innlegget i fra Washington blei så godt tatt i mot, så tenkte eg å gjere det samme med innlegget i frå New York. Her var vi i fra 1-4 juli 2017, nåke som var heilt passelig med tanke på at vi visste vi skulle heim til Norge igjen. Det som var så greit med desse dagane i New York var at vi ikkje gjekk rundt å stressa. Vi tenkte at “det kan vi jo bare spare til neste gang”, så har vi ein unnskyldning til å reise tilbake ein gang til 😅  Ikkje det at vi ikkje fekk opplevd det meste vi hadde lyst til altså, men New York er New York, så ein kan godt ha nåken turar dit før ein er ferdig.

Klikk på linkane under for å komme til innlegg og bilder: 

Dag 1: Philadelphia, Coney Island og hotellet.

Dag 2: Oksen, Wall strees, 9/11 memorial, Friends & SATC trappa og Times square.

Dag 3: Frihetsgudinnen, Little Italy, China Town, Central station og Empire State

Dag 4: Central Park

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –

#reisemagasinet #reiseblogg #reise #usa #travel #blogg #hverdag #ferie

Jentebølgen 2018

På fredag blei årets Jentebølge gjennomført av rundt 300 spreke damer i alle aldrar her på Ørlandet. 😊 Det var til og med tilreisande folk i frå nabokommunane rundt her med. Vi stilte eit lag i frå jobb, spreke og klare for å gå gjennom løypa. For anledningen hadde vi fått laga oss nåken arige t-skjorter med eit avisoppslag fra tidligare i år. Det passa egentlig veldig bra med tanke på at årets overskudd frå Jentebølgen gjekk nettopp til testikkel- og prostatakreft. 👏

Team Fosna-Folket klare for årets Jentebølge!

Langs løypa hadde Ørlendingane gjort litt ekstra! Hovde Gård delte ut smoothieshot, ein privatperson delte ut frukt, ein gjeng med menn hadde dradd hagemøblene ut i veien og serverte prosecco, også var det denne karen her då 😅

Etter eit vel gjennomført løp hadde vi bestilt bord på Kysthotellet for tapasbuffet. Det var så mykje deilig tapas som eg aldri har sett før, virkelig gjennomført. Eg gler meg allerede til neste år!

Central park

Oi, oi, oi….. Ka då seint ute med innlegga seier du? 😅 Vi var jo i New York før vi reiste heim i frå Usa, og her fant eg fram eit innlegg som ikkje har blitt publisert før.. Kvifor eg ikkje har publisert det før, nei det veit eg ikkje? Det må ha vært at eg ikkje følte innlegget var “klart” og godt nok, også gjekk det i gløymeboka… Idiotisk? Ja. Det er jo bare å publisere bildene eg tar om eg vil, det er jo min blogg og mi dagbok! Så her kjem innlegg og bilder i frå siste dag i USA.


4.juli, aller siste dag i USA for denne gang. Flyet vårt tok av på kvelden så vi fekk sjå masse fyrverkeri fra flyvinduet. Det er det Amerikanerane gjere den 4.juli, dei samles, har grillparty og ser på fyrverkeri. Litt anna enn vi er vane med på 17.mai. 😊 Vi brukte dei siste timane på å få med oss Central Park som dei turistane vi er. Tenk kor fint og fantastisk det er at dei kan ha ein slik grønn oase midt inni storbyen og kaoset som det medfølge. 

Til og med baseballbaner er det der inne. 


Neste gang håpe eg at vi kan bruke litt lengre tid her, leige sykkel, leige båt og kanskje gå på piknik. Det er jo akkurat det denne turen til New York skulle være, vi skulle få oppleve litt av alt, slik at neste gang vi reiser tilbake så kan vi ta det meir med ro og ikkje måtte stresse med alle desse turisttinga ein  må oppleve.. Eg gler meg! Neste gang vil eg oppleve New York i jula! 😊

Dette er vel her dei filma under Home Alone filmen? 

Sjå kor idyllisk og fint! Eller.. Eg kunne kanskje ønska at det var litt mindre båtar der då, så kanskje ikkje fellesferien er tidspunktet å ta ein romantisk båttur for to i Central Park.

#reise #usa #reisebloggen #reisemagasinet #travel #hverdag #newyork #tips 

September kom brått på

September kom litt brått på meg her i år. Etter ei veke innom St.Olavs etter fjerning av visdomstann (aldri igjen), og ei veka på sofaen så har eg allerede “mista” den første veka av hausten.. Den som eg skulle starte  bra… Eller eg starta jo august bra då. Vi begynte på trening igjen, eg har to fine jobbar som eg gler meg til å stå opp til om morgonen og ein fin mann å komme heim til, men så skjedde denne veka her. Og alt blei lagt på is. Når eg er ferdig med sjukemeldingen og ferien min så har eg ikkje vært på jobb på 4 veker, DET er lenge det… Kanskje eg kan klare å få til nokon gamle rutinar her inne på bloggen i det minste? Eg har jo ein haug med bilder på mobilen som eg ikkje har delt i frå sommaren og kvardagen, det er kanskje på tide? Litt kreative innlegg er vel og på sin plass snart. Det kjem med årstida det. Haust = kreativitet. Eg har allerede tre små prosjekt klare i hovudet mitt, må bare finne riktige dagane å gjennomføre dei på.. 

Er det nåke dåke savner her inne? Nåke dåke vil eg skal blogge om? 😊

#hverdag #tanker #kreativ #høst #september #blogg