Dag 8: 2700 km seinare – New York!

No kjem endelig innlegget i fra første dagen vår i The big apple. Søndag morgon starta rolig. Gu det var deilig det var å endelig få sove i ei skikkelig “vestlig” seng igjen. Mjuke gode puter, dyne og deilig seng gjorde at vi ikkje klarte å stå så alt for tidlig opp denne dagen. Når vi endelig kom oss av gårde tok vi undergrunnen heilt sør på Manhattan. Vi valgte å kjøpe 7-dagars billett for 32$, og brukte dette flittig alle dagane vi var i byen. 😊

Første planlagte stoppestad var egentlig Frihetsgudinna, men på grunn av alle turistane og køen så droppa vi det denne dagen. Vi fant ut at vi heller skulle være litt tidligare ute neste dag, og satse på mindre kø på mandagen. Vi valgte derfor å gå vidare opp mot Wall Street.

Oksen:

På vei opp til Wall Street gjekk vi forbi den kjente Wall Street oksen. Problemet her var jo at turistar har jo tatt totalt over heile oksen.. Det var jo ikkje ein gang mulig å få sett heile oksen ein gang på grunn av folk.😅  Og ikkje for å virke stigmatiserande eller nåke, men det var ekstremt mange Hinduistar som meir eller mindre tilba den og måtte ta og stå kloss inntil oksen. Og ikkje minst ta bilder av og med den i alle mulige vinklar… 

Jaja, så får statue være statue 😅

Wall Street:

Vidare gjekk vi nordover og opp mot den kjente gata Wall Street. Wall Street er vel kjent som verdensøkonomiens sentrum, så med andre ord ein mektig plass. Vi kan ikkje sei vi merka nåke til “stresset” som sikkert foregår på innsida av desse bygningane, men etter det vi har sett på film (😎 ) så går det i eit enormt tempo her! 

Høge fine bygningar var det i alle fall. Sikkert bare kontorbygg alt sammen. 

9/11 Memorial:

Endelig skulle vi få oppleve Ground Zero og 9/11 memorial. Dette var eit nydelig og fantastisk fint gjennomført museum/ minnesområde for dei etterlatte og overlevande etter terrorhandlinga i 2001. Historien var godt gjenfortalt og veldig rørande. Nederst i museumet og inne på hovedmuseet var det ikkje lov å ta bilder. Nåke som er veldig forståelig med tanke på dei etterlatte og av respekt for dei omkomne. 

Ved bursdagar, så blir det sett ei kvit rose ved navnet til dei omkomne. 

Her er eit av dei siste bileta som vart tatt av Twin towers.

Det var veldig fint å få sjå heile tidslinja i frå dagen, og i frå dei forskjellige flya som krasja. Vi fekk jo og meir innblikk og informasjon om kva som skjedde på Pentagon, nåke som egentlig var veldig fint med tanke på at vi hadde vært der tidligare i veka. 

Denne brannbilen sto plassert under ei gangbru mellom tårna. Alle som arbeidde på den var inni tårna når dei kollapsa…

Her er One World Observatory, som no er den høgaste bygningen i New York. Den blei bygd som eit symbol på at USA reiser seg igjen etter terroren. Den står på området der dei andre World Trade centera står. 

Evakuering av World Trade Center 4

Rett etter at vi var kome oss ut av 9/11 Memorial blir vi møtt av ein vegg med brannbilar, politi, ambulanse og til og med nåken militære. Dei begynte å stenge av området rundt det 4. World Trade Centeret. Vi kunne sjå at heile bygget var evakuert, men siden det lukta mat og litt svidd så konkluderte vi egentlig med at det bare var pga brann på ein restaurant eller lignande. Det virka ikkje som om det var nåke superalvorlig siden folk rundt bygningane ikkje blei evakuert, så vi gjekk bare vidare.  Sjølv om vi syntest det var litt rart at militæret og var representert her med våpen og bombevest.. 

Militæret og journalistane på plass.

Seinare på ettermiddagen leste vi at det hadde vært evakuering pga ein sekk som var funnen inne i bygget. 😮 Det var heldigvis bare ein sekk med vitaminer og klær i, men dei tar ingen sjansar her i Usa lenger. Egentlig litt fint og då, og ikkje minst å sjå korleis dei håndterte ein slik situasjon. Det var ingen panikk blandt folk i det heile.

Friends bygget og Sex In The City trappa:

I frå Ground Zero tok vi subwayen opp til eit område som heiter Greenwich Village. Det er kanskje tidenes koseligaste nabolag vi var innom i New York, så her kan eg anbefale ein tur. Det er og i dette nabolaget den berømte trappa i fra Sex in the city og Friendscafeen ligg. 😊

Ååå, slike byggningar! Så idyllisk og typisk New York!

Trappa til Carrie Bradshaw finn du her: 66 Perry St, New York, NY 10014

Friendsbygget kan du finne her: 90 Bedford St, New York, NY 10014, USA

Cafeen er faktisk i drift og. Ikkje likt som den i serien, men koselig likevel.😊

Times square:

Resten av kvelden gjekk til shopping og turisting på Times square. Vi budde For ein plass seier bare eg. Eg har vært der før, men huska ikkje at det var slik det var. Det er jo bare eit kaos uten like… Turistar over alt. Men igjen, det er jo ein veldig spennande plass, og når hotellet vårt låg kun 5 min vekke så blei det litt trøing her kvar kveld. 

Som i ein film!

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –

#newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen

8 kommentarer

Siste innlegg