Oppskrift: Churros i airfryer

Kven skulle trudd? Dette funka faktisk heilt 100% og var farlig godt. Pass gjerne på at ein er fleire enn 2 stk som skal ha, det blir meir enn nok.. 🙂

Eg har brukt oppskrifta til Det Søte Liv her. 

Ingredienser:

  • 2 dl vatn
  • 75 g smør
  • 2 ss sukker
  • 150 g mjøl
  • 2 egg (store)
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • Du treng og ein sprøytepose

Slik gjer du:

  • Finn fram elektrisk håndmikser, dekk eit brett som passer i kjøleskapet med bakepapir og spray med olje/ formfett.
  • Gjer klar sprøyteposen.
  • Bland vatn, smør og sukker i ein kjele. Varm opp til kokepunktet slik at smøret smelter.
  • Ta kjelen av plata og bland kraftig med ei tresleiv. Sett kjelen tilbake på plata(varmen) og rør heile tida, til du ser at deigen slepper kjelen. Ta deretter kjelen av varmen og avkjøl i 4 minutt.
  • Ha egg og vaniljeekstrakt i kjelepn og visp dette inn med håndmikseren. Fortsett å mikse til deigen blir glatt og klumpfri, som ei tjukk seig potetstappe.
  • Ha deigen i sprøytepose og sprøyt ut ca 10 cm lange stenger på bakepapiret. Bruk gjerne saks for å klippe stengene fra sprøyteposen.
  • Sett brettet i kjøpeskap i ca 1 time for å kjøle ned.
  • Steik churros i Airfryer i ca 10 minutt på 170 grader, til dei er gyldne og sprø på utsida. Husk å forvarme airfryeren.
  • Eg steikte ca 4 stk om gangen for at dei ikkje skulle ligge inntil kvarandre. Dette avhenger sjølvsagt størrelsen på airfryeren.
  • Ikkje åpne airfryer underveis i steiking! Vannbakkels kan klappe sammen om dei blir eksponert for kald luft under steiking.
  • Rett etter at churrosen er steikt vender du den i ein sukker og kanelblanding før du legger den til side.
  • Nytest helst med ein gang! Eg varma opp litt nutella til å dyppe i.

Bakesøndag: Brioche / Prinsessekake med vaniljekrem

I alle år har Vegard masa om brioche. Det finnes ein slik ferdigpakke i butikken, 100% fabrikat, som han ved ein veldig sjelden anledning kjøper (max 1 gang kvart 2. år..). Så siden han støtt og stadig snakker om brioche og kor deilig det er så fant eg ut at eg like gjerne kunne prøve å bake ein! Det kunne jo ikkje være så vanskelig tenkte eg, og det var det jo heller ikkje. “Problemet” mitt var at bollane heva alt for mykje, så kaka blei heilt sprengt.. Men smaken var der, og den blei veldig godkjent .😊 Vi kan vel konstantere at gjæren virkelig gjorde jobben sin her..

Oppskrifta er henta i frå Morshjemmebakte.no.

 

Du treng:

  • 500g kveitemjøl
  • 75g sukker
  • 0.5 ts salt
  • 50g gjær
  • 6 stk mellomstore romtempererte egg
  • 200g romtemperert smør i terninger
  • Fyll: Vaniljekrem til gjærbakst
  • Topping: 1 egg og perlesukker

 

Slik gjer du:

  • Bland alle ingrediensane sammen bortsett i frå smøret. Elt deigen sammen med ein eltekrok på lav/middels hastighet i ca 8 minutt.
  • Ha i litt og litt romtemperert smør, og elt alt sammen i ca 5 minutt. Deigen ser veldig smidig og nesten litt klissete ut, det går heilt fint.Eg tilsatte litt mjøl på slutten for at deigen skulle være litt fastare.
  • Dekk til deigen og la den heve til dobbel størrelse i ca 60-90 minutt.
  • Smør kantane på ei rund kakeform på 26 cm og ha eit bakepapir i botnen.
  • Kjevle ein liten del av deigen ut og legg den i bunnen på forma. Eg elta inn litt ekstra mjøl for at deigen skulle være enklare å jobbe med.
  • Kjevle ut resten av deigen til eit stort rektangel på ca 40×50 cm og smør vanlijekrem utover. Rull deigen til ei pølse og del den opp i 12 like snurrer. Plasser snurrane i kakeforma, 3 i midten og resten fordelt rundt.
  • Dekk til kakeforma og la kaka etterheve til dobbel størrelse i ca 60-90 minutt. Forvarm steikeovnen til 180 grader i mellomtida.
  • Pensle toppen med eit piska egg og strø litt perlesukker på. Steik i nederste rille i ca 35 minutt. Avkjøl på ei bakerist. Ta kaka ut av forma etter den er nedkjølt. Server gjerne med litt melisglasur på toppen.

 

Eg trur eg veit kva eg gjorde “feil” her. Eg blanda gjæren ut med lunka mjelk, sjølv om det ikkje står nåke om det i oppskrifta. Men det er jo slik at fersk gjær skal blandast ut i fuktighet vel? 😅

 

Jaja, god var den i alle fall! 😁

Karantene-kaffi

Dalgona – vårens trendkaffe

I disse heimedager er dette den nye trenden som har tatt øve sosiale medier som Instagram og Tik Tok. I følge Google Trends var begrepet “dalgona coffee” nærmast ikkje-eksisterande  på internett fram til 26.januar i år. Det var først då ein koreansk youtuber posta ein video 22.februar at dette virkelig tok av. Dalgona er eit slags heimelaga godteri i frå Sør-Korea, kor og kaffien stamme i frå. Kaffien er farlig god, eg anbefale å teste den ut!

 

Dette treng du:

  • 2 ss Pulverkaffi
  • 2 ss Sukker
  • 2 ss Varmt vatn
  • Isbiter
  • Melk

 

Slik gjer du:

  • Pisk sammen like deler pulverkaffi, sukker og vatn med en visp. Blandingen vil etter ei stund tjukne og bli lysare og kremete.
  • Ha isbiter i eit glas og fyll opp 2/3 med melk.
  • Topp med kaffikremen, og rør så rundt så kremen blandes lett med melken.
  • Nyt!

Ps: du kan og lage denne drikken med kakaopulver istadenfor kaffipulver for ein mer barnevennlig variant. 🙂 Evt bare tilsette kakaopulver til den opprinnelige oppskrifta for å få is-mocca!

 

Deilig saftig eplekake

Nåke som virkelig høyrer hausten til er varm eplekake med vaniljeis til. Eg var så heldig at mamma frakta nåken kg med epler med seg heime ifrå, då ho kom til Trondheim i slutten av august. Så då måtte det jo bli eplekake av Eike-eplene her i Trøndelag og.😁

Oppskrifta fant eg hos Meny.

Du treng:

  • 250 g brunt sukker
  • 100 g kvitt sukker
  • 270 g kvetemjøl
  • 4 egg
  • 1.5 dl fløyte
  • 170 g smør
  • 1 ts bakepulver
  • 1.5 ts kanel
  • 1 ts kardemomme
  • 1 stk vaniljestang (frøa)
  • mange epler! I oppskriftq står det 5, eg hadde minst 10 stk, der varierer på størrelsen og på kor mykje epler du vil ha i kaka.

Slik gjer du:

  • Skrell epler og kutt dei i ønska bitar. Legg epla i vannbad med litt sitron over seg så dei ikkje blir brune.
  • Smelt smør og sett kjelen av varmen. Hell i kremfløyte.
  • Skrap frø fra vaniljestang ut med ei lita skeig. Pisk deretter egg, vaniljefrø og sukker til eggedosis.
  • Når eggedosisen er klar sikter du forsiktig inn ca 1/3 av dei tørre ingrediensene.
  • Vend deretter vekselsvis inn smør- og fløyteblanding og dei tørre ingrediensene. Når alt et godt blanda vender du inn eplebitane.
  • Kle ei rund kakeform på ca 22cm med bakepapir i bunn, og smør sidene godt inn med smør. Eg hadde og skivet mandler som eg pynta kanten med før eg helte i røra.
  • Legg gjerne nåken eplebåtar på toppen og strø med litt kanel og perlesukker.
  • Steik mindt i ovnen på 180 grader i ca 1 time. For å finne ut om kaka er ferdig kan du stikke ein grillpinne inn i sentrum av kaka, kjem den ut uten kakedeig på seg er kaka ferdig.
  • Lager du dobbel porsjon i langpanne skal kaka steikes nederst i ovnen.
  • La eplekaka avkjøle seg før du tar den ut av forma.

Så er eplekaka klar til å nytast!👌🏼Server gjerne med vaniljesaus eller vaniljeis 😋

17.mai cookies

Vaniljekjeks, ein superenkel basekjeks som kan dekorerast akkurat slik som ein ønsker. No til nasjonaldagen kan det jo være artig å pynte bordet med flagg, kanskje ein kjeks på kvar tallerken? Her er det bare fantasien som setter grenser.

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 200g usalta smør
  • 1 egg
  • 200g sukker
  • 400g mjøl
  • 2 ts vaniljesukker

 

Slik gjer du:

  • Bland sammen smør og sukker i kjøkkenmaskinen til det blir mjukt og kvitt. Bruk eit K-element, og ikkje visp.
  • Bland inn egg og rør forsiktig.
  • Sikt inn kveitemjøl og vaniljesukker
  • Bland deigen til ein fast klump, så er den klar.
  • Sett den i kjøleskapet i rundt ein time for kjøling. Den blir lettere å arbeide med.
  • Kjevle deigen ca 5mm tjukk, og bruk mjøl om den heng fast i kjøkkenbenken.
  • Skjær ut flagg og plasser på eit steikebrett. Bruk gjerne linjal for å få dei litt finare enn mine.. Sett brettet i kjøleskap i ca 10 min før steiking, då unngår du at kjeksa mister fasongen sin under steiking.
  • Steik på 180 grader i 8-10 min, eller til dei er klare og gyldne i kanten.
  • Avkjøl kjeksa heilt før pynting.

Til pynt bruker eg royal icing:

  • 500g melis
  • 2 eggekviter
  • 2 ts sitronsaft

Slik gjer du:

  • Sikt melisen i ein bolle og tilsett eggekvite og sitron. Bland godt sammen.
  • For å lage ytterkanten/konturene av flagget bruker du denne icingen, men for å fylle inn kan det være lurt å ha ein litt meir rennande icing. Du kan derfor tilsette litt vatn eller konditorfarge for å få den meir flytande.
  • Bruk sprøyteposer eller plastposer til å få icingen på kjeksa.

SAMSUNG CSC

#diy #kjeks #cookies #baking #bake #17mai #17mainrk #nasjonaldag #party #fest #festivitet #hobby #kreativitet

Oppskrift på enkle julekaker

Kjeks og kaker er ikkje noko vi pleier å ha i hus, men til jul blir det litt anna. Det er nåke med det, det skal være litt ekstra kos i desember.  I år har eg faktisk ikkje baka noko sjølv, men mamma har sendt oss ein boks med peppernøtter som allerede er tom. Tidligare år har eg baka litt meir, så under her har eg linka til nåken enkle og gode oppskrifter. Favoritten er nok brente mandlar, dei er så fine å gi bort til jul!

Blir det nokon heimelaga julegaver under treet frå deg i år? 🙂

Havreflarn
Serinerkaker
Brente mandlar
Sjakkruter

Oppskrift: Delfiakonfekt

Delfiakake er ein liten favoritt hos folk rundt meg i jula. Farmor til Vegard lagar alltid delfiakake, og den blir verna godt om og nøte til det ytterste av dei som får tak i ein bit. For meg blir delfiakake litt for mykje, så eg tenkte då at kanskje delfiakonfekt kunne være noko. Som tenkt som gjort, og i fjor blei delfiakonfekt pakka inn under treet til fleires store glede. Kanskje dette kan være ein fin gave som besteforeldre, foreldre, onkler kan sette pris på? Alle sett jo ekstra pris på heimelaga julegave!😊

Du trenger:

  • 2 plater kokesjokolade a 125 gram
  • 4 ss sterk kaffe
  • 1 pk Delfiafett 250 g
  • 2 egg
  • 2-3 ss sukker
  • Litt marsipan, 1 pose seigetopper og litt valnøtter til pynt.

 

Slik gjer du:

  • Smelt sjokoladen i kaffien ved svak varme
  • Smelt delfiafettet ved svak varme og avkjøl
  • Visp eggedosis av egg og sukker, tilsett sjokoladen og visp deretter godt.
  • Tilsett delfiafettet litt etter litt mens du visper. 
  • Visp godt slik at røra blir jevn og fin.
  • Kutt opp seigetoppene, valnøttene og rull små baller av marsipanen
  • Ha delfiarøra i ein spøytepose og fordel delfiarøre og pynt i konfektpapiret. 
  • Oppbevares kjølig og nytes når du vil! 🎄

Oppskrifta finne du og bak på Delfiafett-pakken. 

 

#konfekt #oppskrift #diy #godteri #kake #bake #baking #delfia #jul #christmas 

Energirike peanut- og valnøttkjeks

Endelig kjem det ei lita kjapp oppskrift som er perfekt i tursekken no i det nydelige vinterværet. 😊 Kjeksa er eit godt alternativ til sunn snacks om du velger ingredienser etter oppskrifta, men det går og fint å lage ein søtare variant ved å bruke vanlig sukker og sirup. Gode og seige blir dei uansett, ein liten ny favoritt på kjøkkenet. Oppskrifta fann eg sjølvsagt hos flinke Linda Stuhaug . 😊

Du treng:

• 100 gr salte peanøtter

• 100 gr valnøtter

• 3 ss sukrin gold (eller anna søtning)

• 1 eggekvite

• 100 g fibersirup clear (eller lys sirup)

Slik gjer du:

1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

2. Mal nøttene i en kraftig blenar eller foodprosessor.

3. Vend inn resten av ingrediensane.

4. Bruk ei Ts til å forme gode klattar med ts på eit steikebrett med bakepapir. Trykk nåken nøtter for pynt på toppen.

5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.

Ein kan sjølvsagt bruke akkurat kva type nøtter ein vil, så lenge det blir 200 g totalt. Så her er det bare å prøve seg fram 😊 Lykke til og ha ein fin søndag vidare!

Luciabaking!

Idag er det onsdag, og kun 9 dagar til vi reiser heim til jul. Det skal bli så godt å komme heim til litt julestemning, pinnekjøtt, lutefisk, familie og venner. Men før det er heimreise, så skal eg jobbe kvar dag på butikken. I jula er det jo ekstremt travelt, men det er jo absolutt kjekt å være på jobb då. 😊  Når eg kom heim fra jobb idag så innsåg eg kva dag det var idag, så eg og Vegard baka lussekatter for første gang no. Vi fekk ikkje tak i safran på butikken då, men dei blei gode uansett.

Det er bare fantasien som setter grenser for kva figurar ein kan forme bollane som. Eg prøvde å huske tilbake til barneskulen, når vi var i Baroniet å baka lussekattar, og eg trur vi enda opp  med nåken stilige variantar. Eller ka? 😎

Du treng:

150 g smelta smør, 5 dl melk, 50 gram fersk gjær, 1 g safran eller 0,5 ts gurkemeie, 150 gr sukker, 0,5 ts salt, 2 ts kardemomme, 13 dl mjøl (ca).

Slik gjer du:

Smelt smør og tilsett melk. Bland inn safran. Smuldre gjær i bakebolle og rør inn den tempererte mjelkeblandingen. Rør inn mjøl, kardemomme, salt og sukker og elt godt i ein kjøkkenmaskin. Tilsett meir mjøl om nødvending. Deigen skal være passe fast og slippe bollen. La deigen heve under eit tørkle i ca 30 min. 

Del deigen i 20 like store emner (du kann godt dele den i fleire då bollane mine blei litt store). Trill til lange fingertjukke pølser og form ulike lussekattar. La dei heve på nytt i 15 min. Pensle med eit vispa egg og stikk rosiner der du ønsker. Steikes på 250 grader, midt i ovnen i 7 min. Avkjøl på rist. 

Og nyyyyt! Helst lunka 😋

Oppskrifta vi brukte var fra Tine.

#baking #matprat #lucia #lussekatt #lusekatt #bolle #godtno #sunt #oppskrift #hjemmelaget

Oppskrift: Brune pinner

Ein av favorittane innen julekaker, garantert! På svensk kalles det “kola kaker”, som igjen betyr karamell. Så det er nok ein grunn til at dette er ein av favorittane, eg elskar jo alt med karamell!😅  Kjappe å lage er dei og, så dette er bare vinn/vinn 😊

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 150 g romtemperert smør
  • 200 g sukker
  • 2 stk eggeplomme
  • 1 ss lys sirup
  • 12 ts malt kanel
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts natron
  • 300 g hvetemel

Pensling og dryss:

  • 1 stk sammenvispet egg
  • 1 dl sukker
  • 1 dl hakka mandlar


 

  1. Forvarm ovnen til 160  °C varmluft, om du har det. 
  2. Bland smør og sukker godt sammen, og bland deretter inn resten av ingrediensane. Sikt gjerne inn kveitemjølet.
  3. Elt deigen godt. Trill pølser av deigen, og trykk dei til flate stenger å steikebrettet. 
  4. Pensle med vispa egg, og strø over perlesukker og hakka mandlar.
  5. Steik på øverste rille i ovnen i ca 15 min.
  6. Skjær stengene på skrå, i ønska størrelse, mens dei framleis er varme. Ca 2 cm lange.
  7. Avkjøl på rist og nyt!  Oppbevar i tett boks eller krukke.

 

SAMSUNG CSC

#godtno #mat #oppskrift #jul #kake #kjeks #bake #julen2017 #diy