Bakesøndag: Brioche / Prinsessekake med vaniljekrem

I alle år har Vegard masa om brioche. Det finnes ein slik ferdigpakke i butikken, 100% fabrikat, som han ved ein veldig sjelden anledning kjøper (max 1 gang kvart 2. år..). Så siden han støtt og stadig snakker om brioche og kor deilig det er så fant eg ut at eg like gjerne kunne prøve å bake ein! Det kunne jo ikkje være så vanskelig tenkte eg, og det var det jo heller ikkje. “Problemet” mitt var at bollane heva alt for mykje, så kaka blei heilt sprengt.. Men smaken var der, og den blei veldig godkjent .😊 Vi kan vel konstantere at gjæren virkelig gjorde jobben sin her..

Oppskrifta er henta i frå Morshjemmebakte.no.

 

Du treng:

  • 500g kveitemjøl
  • 75g sukker
  • 0.5 ts salt
  • 50g gjær
  • 6 stk mellomstore romtempererte egg
  • 200g romtemperert smør i terninger
  • Fyll: Vaniljekrem til gjærbakst
  • Topping: 1 egg og perlesukker

 

Slik gjer du:

  • Bland alle ingrediensane sammen bortsett i frå smøret. Elt deigen sammen med ein eltekrok på lav/middels hastighet i ca 8 minutt.
  • Ha i litt og litt romtemperert smør, og elt alt sammen i ca 5 minutt. Deigen ser veldig smidig og nesten litt klissete ut, det går heilt fint.Eg tilsatte litt mjøl på slutten for at deigen skulle være litt fastare.
  • Dekk til deigen og la den heve til dobbel størrelse i ca 60-90 minutt.
  • Smør kantane på ei rund kakeform på 26 cm og ha eit bakepapir i botnen.
  • Kjevle ein liten del av deigen ut og legg den i bunnen på forma. Eg elta inn litt ekstra mjøl for at deigen skulle være enklare å jobbe med.
  • Kjevle ut resten av deigen til eit stort rektangel på ca 40×50 cm og smør vanlijekrem utover. Rull deigen til ei pølse og del den opp i 12 like snurrer. Plasser snurrane i kakeforma, 3 i midten og resten fordelt rundt.
  • Dekk til kakeforma og la kaka etterheve til dobbel størrelse i ca 60-90 minutt. Forvarm steikeovnen til 180 grader i mellomtida.
  • Pensle toppen med eit piska egg og strø litt perlesukker på. Steik i nederste rille i ca 35 minutt. Avkjøl på ei bakerist. Ta kaka ut av forma etter den er nedkjølt. Server gjerne med litt melisglasur på toppen.

 

Eg trur eg veit kva eg gjorde “feil” her. Eg blanda gjæren ut med lunka mjelk, sjølv om det ikkje står nåke om det i oppskrifta. Men det er jo slik at fersk gjær skal blandast ut i fuktighet vel? 😅

 

Jaja, god var den i alle fall! 😁

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg