DIY: Alectodress

Endelig kan eg vise fram den første heildressen eg nåken gang har strikka. Dette er teststrikk, og oppskrifta kom ikkje før no, så derfor har eg ikkje lagt den ut før.

Vel som sagt, den første heildressen eg strikka, og då kasta eg meg ut i ein i str 1 år, på pinne 3 i perlestrikk. Så ja, egentlig eit stort og utfordrande prosjekt, som var overraskande enkelt å forstå når eg først leste oppskrifta. Underveis så angra eg på at eg ikkje strikka i merinoull, for det føltes som det tok veldig lang tid med det garnet eg brukte, men til gjengjeld så blei dressen veldig tynn og god. Ein deilig heimelaga dress som kan brukast heile året 😁

Garn: Drops Flora, 15 grønn. Kan og bruke baby/tynn merinoull, safra osv.

Strikkefasthet: 24/10

Pinne: 2,5 settpinnar til vrangbord og 3 mm rundpinne og settpinnar

Str 1 år

15 knappar HER

Oppskrift: HandcraftCarina på Ravelry

Oppskrifta går fra 3 mnd til heile 6 år, så her får ein mange oppskrifter. Dei største størrelsane har ikkje knappar heile veien ned.

Eg brukte og fleire knappar enn oppskrifta tilseier, rett og slett fordi det er finare når knappane er tettare og ikkje spriker når dressen begynner å bli trang 😁

Dressen er eit plagg i ein større serie med kyse, dress, bukse, genser osv. Sjekk ut dei andre oppskriftene til HandcraftCarina her. 

Jentetur til Oslo 💛

Oki, desse bildene er egentlig liiitt for “old news” til å legge ut no 4 mnd etter , men ka gjer vel det? Eg vil jo publisere så då blir dei publisert 😁

I slutten av mars var møttes Marte, Ruth, Linn og eg i Oslo for litt etterlengta kvalitetstid! Vi budde hos Linn, og det var jo absolutt heilt perfekt. Forutenom ein tur på Latter så hadde vi ingen planar, og bare nøyt storbylivet og vårværet som var. 🌸

Vi måtte sjølvsagt ein tur på Delikatessen for ein real tapasrunde, og nam! Like godt som alltid 😎

Vi har lenge snakka om at vi må klare å møtast/ reisa ein plass utenom feriane heime. Så kanskje vi har klart å starte ein tradisjon no? Blir det ein tur neste år så kan vi vel kalle det tradisjon.😁 Gler meg til jentetur 2020 💃🏼

Staycation

eller, det kan kanskje ikkje kallast det når vi egentlig eg begynt på jobb igjen? 😁 Men været her i Trøndelag er så upåklagelig at det føles som ferie etter jobb uansett.

Vi er heldige å har besøk av familie denne veka. Heldig for dei, og oss, at Trøndelag viser seg i frå si beste side no. Det har faktisk nesten ikkje vært vind her heller dei siste dagane 🙈

Etter to veker på Vestlandet har eg ein del bilder eg har lyst å legge ut her og, men eg henger så langt bakpå med alt. Altså tur til Oslo i mars og mai, påske i Dublin og Frankrike i mai.. U’r up for a treat, når eg får rævo i gir 🙈😅

 

 

DIY: Embladress

Endelig kan eg sei meg heilt ferdig med denne Embladressen. Eg trur nok dette strikkeprosjektet er det mest innvikla prosjektet eg har strikka hittil. 3 trådar i mønster, klipping, belegg osv, men resultatet blei eg i alle fall veldig fornøyd med!

Dressen har eg strikka til lille babyen til Tone og Andreas som enda ikkje har meldt sin ankomst. Han komme nok til å bli sååå fin til høsten i denne dressen, sånn heilt objektivt sett sjølvsagt. 🙈

Dressen er strikka i størrelse 3-6 mnd.

Garn: Sandnes Sterk i fargane 1012, 3160, 7252

Pinne: Rundpinne og settpinnar i 3 og 3,5

10 stk knapper fra EBay HER.

Oppskrift hos Strikkezilla HER.

Jevnt mønsterstrikk er ikkje bare bare har eg funne ut, men øving er det som skal til. Det viktigaste for meg er å ikkje strikke for stramt, men heller litt overdrevent laust. Då blir det bra 😁

Har du strikka nåke i fra Embla-serien til Strikkezilla?