HappyKnitting

Eg har gjort det eg ikkje skulle, eg har bestilt meg meir garn til lageret mitt.. Eg hadde egentlig ikkje lov (har laga meg eit forbud), men sjå på det her då! Så fint og mjukt at eg ikkje kunne la være, dessuten var det på salg.😁 No har eg begynt på ein rosa deilig genser som eg håper blir perfekt til lange sommarkveldar. Håper bare eg ikkje blir lei av å strikke hullmønster med det første..

Har du nåken kreative prosjekt på gang?

Ein hyggelig helsing fra eigaren av HppyKnitting.no 😊

#garn #strikking #strikk #Hobby #diy #kreativ 

Litt ekstra luksus

Reklame | Trademax

Når vi først er inne på det med uteområde, så er det vel ikkje nåke som er meir fristande å ha i Norge enn eit lite basseng i hagen. Men siden basseng ofte er kalde, mykje vedlikehold med og ekstremt kostbare så kan jo ein badestamp være eit godt alternativ. Tenk for ein drøm, å bare kunne sitte å nyte eit varmt bad utendørs mens det er kaldt i været. For kaldt i været er det jo i Norge på kveldane uansett. Vi treng nok litt større plass før dette kan bli ein realitet, men det er vel lov å drømme?😎 

Trademax har ein del fine spabad på salg no. Så det er ikkje bare ein stamp, men eit spabad som gir god massasje mens du slapper av. Det varme vatnet utvider blodkara, auker blodgjennomstrømningen og føles som ein deilig og god massasje. Det som og er fint er at du kan kjøpe både i hardt tre, eller eit som er oppblåsbart. Åå, ja send gjerne eit av dei under til mi adresse, helst det til venstre, takk!😎 

Hadde det ikkje vært digg med eit slikt i hagen? Eg hadde i alle fall ikkje takka nei 😊

#trademax #sponset #reklame #ute #hage

Er det håp for denne hagen?

Velkommen til verdens kjipaste hage! 😭 Det er vel ikkje langt i frå eller? Ikkje akkurat slik vi hadde gjort det om vi eigde huset då, men siden vi leiger så blir det vel slik.. Det bordet og dei to stolane sto faktisk igjen etter forrige eiger, og med god grunn.. Det er ikkje trygt å sitte i dei, så han var lur som bare lot dei stå… Plankane er forresten til eit prosjekt eg driv på med! Sjekk bilde under her av vår nye terrasse! 

Tada! Eller… hehe.. Det er ein rimelig enkel og grei løysning då, eller kva?  Ja, hagemøblane er krise. Planen var å få gjort nåke med det, men det er vel ikkje for seint enda vel? Og ikkje minst! SJÅ på jordbæra mine!! Eller det er kanskje ikkje så lett å sjå på dette bildet, men i baljen på pallebordet står det 6 fine grønne jordbærplanter som eg planta i haust. Dei veks litt og litt for kvar dag! Jippi, så gøy. Eg gler meg til egendyrka jordbær i sommar!😃

Her har eg laga meg til eit bedd. Grunnen til at det blei her er rett og slett fordi det er den plassen i heile hagen som er minst grønn.. Altså, eg ser ikkje nåke håp for at området her nåken gang kjem til å bli grønt heller.  Eg er og ganske sikker på at det har vært eit bedd langs veggen her før i gamle dager (ja, huset er nåken generasjonar gammalt vil eg sei…). Her skal eg då helst plante noko som er fargerikt, enkelt å holde ved like og som ikkje tiltrekke seg sneglar.. Nåken tips kva blomar eg kan plante her? 😅

#diy #hage #uteplass #kreativ #blomster #blomst #hus

Når mannen kjem heim fra jobbreise!

Vel, då har han bare med å ha med seg litt i kofferten, eller? 😅 Og i alle fall når han har bært nesten ei veke i USA! Han er god då, bare sjå kor flink han har vært 😁 Nye Birkenstock til sommeren, også i sølv då! SÅ kule! Nei, med dei og den nye parfymen til Escada så er det einaste eg mangle ein flybillett til varmare strøk 😅🙋

Han var så langt nord i USA at han tok seg ein tur til Canada i samme slengen. Misunnelig? Ja, veldig.. Men eg har jo fortsatt ærend, så vi får reise tilbake 😎 I skikkelig Canadisk ånd kjøpte han med maple (sirup) te til meg. Eg er veldig spent på å smake den, sånn siden eg ikkje er spesielt stor fan av søt te..😅

Er det kanskje nåken av lesarane mine som har vært i Canada? Nåken tips til kor vi evt bør legge turen når den til kjem? 😊🇨

Søndagsgrilling i fjæra

Idag tok vi rett og slett frokosten ute i fjæra. 😊 Zara hadde invitert oss med til ein plass som heiter Jektvika(?), rett ved Austrått camping, for grilling og kos. Då eg og Vegard kom så var det allerede ein god gjeng der med både voksne, ungar og hundar. 💛

Vi grilla ostesmørbrød for første gang! Det gjekk jo absolutt veldig bra, og kan anbefalast om ein ikkje er keen på pølser på grillen 😊 Ja, også ein del marshmallows då.. Kjem jo ikkje utenom det😅

Han her tøffingen her er sønnen til Zara. Han er meg ein fin luring, og her skulle han vise meg sitt «hemmelige sted». Her hadde han alt i fra bad, sofa, kjøkken der han laga sjokolade pudding og ein cafe der han solgte puddingen. Ååå, tenkt så deilig å ha ein sånn fantasi då!😁

Vi var nåken timar her ved stranda idag. Det var jo faktisk vindstille på Ørland og, så det var ingen problem å være ute så lenge uten å fryse. Eg ser for meg at dette kan være ein fin plass å være til sommaren og. ☀ Sånn om det blir skikkelig sommar her oppe då? Etter denne lange vinteren har eg nesten vanskelig for å tru det 😂

Har du hatt ei fin helg? Fått brukt søndagen til nåke fornuftig eller? 😊

Fjordpåske 2018!

Etter ei god langhelg på hytta reiste eg ned til lavlandet og fortsatte litt av påsken der. Eg fekk ikkje meir enn tre dagar, siden eg skulle tilbake på jobb på lørdagen,men det var virkelig verdt det. Kvinnherad er på sitt finaste no, med bare bakkar og snø på fjelltoppane! ❤

Eg fekk til god tid med familien, og ein tur å stia sauene med bessen! Nett som for 15 år sidan (om ikkje det er lengre). 😊

Det blei ikkje nåke topptur på ski då eg var heime, men det blei ein kjekk fisketur då! Vi var på sjøen nåken timar og fekk heldigvis fangst, ellers hadde det ikkje vert verd det 😅🐟

Sjølv om sola skein så var det fortsatt kaldt. Var godt å ha nåken store kjeledressar å varme seg i. Fine og fine, men varme var dei vertfall! 😊

Eg og mamma fekk kvar våre store lyr på stanga, og var veldig fornøyde når vi kjørte heimover!

Det var godt å få litt skikkelig vestlandspåfyll, sjølv om det bare var i lavlandet denne gang. No blir neste heimtur til sommaren, og det blir så godt. Eg gler meg til å sjå at bakkane og trea er blitt grønne og at snøen har smelta på toppane. 😊

Hyttepåske 2018!

Forrige fredag, før påske, så reiste eg med fly til Oslo tidlig på morgonen. Der i frå heiv eg meg på bussen til Haukeli for å være klar på hytta når pappa og dei kom oppover. Han visste ikkje nåke om at eg skulle komme, og blei veldig overraska og glad 😊

Det er nåke spesielt med hyttelivet i påsken. Det er ekstremt avslappa og den deilige friske fjellufta gir ein spesiell ro i kroppen som ein ikkje får i lavlandet 😊

Litt påskestrikk blei det og. Friske gode fargar blei til to nye huer! Eg skal få lagt ut bilder av dei snart 😊

Fine Loke, som og skal tøffe seg litt for nabohunden. 😁

Vi var ein tur tok nåken turar i bakken ein dag og. Det blei ikkje så alt for mange, då det er ganske slitsomt å stå både på telemark og slalom når ein ikkje er vane med det.😅

Litt afterski i hytteveggen hadde vi og! Det er så nydelig og avslappande der oppe! Utsikten er det heller ikkje nåke å sei på🥂💛

Påskeharen hadde vært ute å lagt egg, så etter litt leiting blei det påske i år og! 🐣👌

Har du hatt ein fin påske? 😊