Oppsummering Februar!

Her er ein liten oppsummering frå Februar måned. Som alltid har vi hatt mykje på tapeten, og ser no fram til ein roligare mars måned med påskeferie og hyttekos. 🙂

Februar:

1.02 : Eg spelte ein veldig kjekk håndballkamp med bedriftslaget, og fekk til ein rå kontring i lag med keeper som i hadde øvd lenge på! Ein god mestringsfølelse.

2.02: Det er “Spis for 100” i byn, og denne tirsdagen var eg, Vegard, Linn og Anette ute å åt middag på Egon. 

3.02: Eg og Mona benytta oss av tilbudet “Spis for 100” og gjekk på ein Burmesisk resturant for å teste nåke nytt. Det var nydelig mat, og er virkelig å anbefale. Resturanten heiter Mingalaba.

5.02: Etter jobb tok eg ein tur på cafe med Julia for etterlengta jenteprat, før eg møtte Vegard på Mother India for middag.

SAMSUNG CSC

7.02: Fastelavn-søndag hos oss. Vi hadde besøk av Linn, Anette og Helge heile ettermiddagen. Når eg la meg, for Vegard til ein kollega for å sjå årets Superbowl! 

12.02: Afterski på rooftoppen på jobb med grilling og kakao.

13. og 14. 02: Innhandling og bygging av ny benk til badet. Vi hadde og ein lang og koselig frokost med amerikanske pannekaker, sien det var valentine.

17.02: Var på Vipers- Larvik med gode venner fra jobb!Ingrid var så gla, og spørte om ho kunne få lov til å komma på bloggen 😉

18. – 21. 02: Benken var ferdig og plassert på badet. Vi hadde besøk av Gunn og Jan heile helga. Vegard reiste til Ørlandet for OJT på søndagen, så eg var ei heil veke aleine heime. 

25.02: Surpriseparty for Ingrid på jobb. Ho er ferdig med sin trainee-periode, og skal vidare inn i fast jobb, og eg kjeme til å savna ho sånn!

26.02: Bursdagsfest for Eirik. Dette var tidenes Minionsparty! Alle hadde samla seg for spleising på eit “green card”. Dette er eit kort ein treng for å kunne spele golf på banane rundtom. HER kan du sjå oppskrifta på hua.

#oppsummering #januar #februar #thismonth #tb #throwback

DIY: Hekla Minionshue!

På fredag var vi på besøkt til ein minionsfrelst venn av oss. Når Eirik er så fan, så kunne eg ikkje unngå å gi har nåke minionsinspirert i gave! 🙂 

Denne hua blei til litt etter litt. Eg har fulgt ei oppskrift eg fann på hekla hue på nettet, men prinsippet er det samme uansett kor du finn den. Du startar i toppen, og jobbar deg nedover. Hua blei litt stor, så eg har og fellt inn igjen 20 masker fordelt over fleire omgangar. Dette står beskreve lenger nede i oppskrifta.  🙂
SAMSUNG CSC
Pinnnestørrelse: 4
Garn: TOVE fra Sandnes Garn
 
1. omgang – Hekle ein magisk ring med 8 fm.
2. omgang – Hekle 2 halvstavar. i kvar fastmaske rundt omgangen = 16 halvst.
3. omgang – Hekle *1 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav* gjenta fra *til* rundt omgangen = 24 halvst.
4. omgang – Hekle *2 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 32 halvst.
5. omgang – Hekle *3 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 40 halvst.
6. omgang – Hekle 1 halvstav, i hver halvstav rundt omgangen = 40 halvst.
7. omgang – Hekle *4 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 48 halvst.
8. omgang – Hekle *5 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 56 halvst.
9. omgang – Hekle *6 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav*. gjenta fra *til* rundt omgangen = 64 halvst.
10. omgang – Hekle *7 halvstav , 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til * rundt omgangen = 72 halvst.
11. omgang – Hekle 1 halvstav i hver halvstav rundt omgangen = 72 halvst.
12. omgang – Hekle *8 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav* gjenta fra *til* rundt omgangen = 80 halvst.
13. – 15. omgang – Hekle *9 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 88 halvst.
16. – 18. omgang – Bytt til svart tråd.  Her har eg fellt inn 5 masker fordelt over 3 omganger. 
19. – 24. omgang – Bytt til gul tråd igjen. Her har eg fellt inn 5 masker fordelt på 6 omganger. 
25: – 28. omgang – Bytt til blå tråd. Her har eg fellt inn 10 masker fordelt over 4 omganger. 
29. omgang – Avslutt arbeidet med fastmasker rundt heile kanten. Du skal no ha 68 masker rundt. 
 
SAMSUNG CSC
 
Auger:
 
Svart:
1. omg: Begynn med ein magisk ring og hekle 12 fm i ringen. Stram til.
 
Brun:
2. omg: *2 halvstavar, 1 stav i neste* Gjenta heile omgangen. 
 
Kvit:
3. omg:  *3 stavar, 2 stavar i neste* Gjenta heile omgangen. 
 
Grå:
4. omg:  *1 fm, 2 fm i neste* Gjenta heile omgangen. 
 
Hår: Hekle luftmasker til ønske lengde, og fest på toppen av hua. 
 
* Fest deretter trådar
* Sy fast augene
* Sy på munn og fest håret i toppen.
 
Inspirasjon fant eg her
Her kan du finne gode videoar som beskriver korleis du heklar.
#diy #hekla #lue #minion #gjørdetselv #gjerdetsjølv #hjemmelaget #minions
#håndarbeid #selvlaget #hobby #kreativitet #oppskrift #stegforsteg #hjemmelaga
 

Sjokoladejordbær

Når eg var på butikken forrige lørdag, klarte eg ikkje å gå forbi dei store fine jordbæra som låg å frista meg ved kassen. Smågodt, is og chips er ingen problem, men når det kjem til frukt og grønt, så må eg ha det om eg først har bestemt meg.. Siden det var valentine på søndagen, så slo eg like godt til med sjokoladedekka jordvær til filmkosen. Det anbefales etter Tacomiddagen ! 🙂

SAMSUNG CSC

Det er egentlig ikkje nåke vanskelig å lage dette, men det er viktig at du ikkje fåt vatn i sjokoladen! Då vil den bli heilt ødelagt, og du vil ende opp med å få ein kornete sjokolade som verken ser eller smakar nåke spesiellt godt.

 

Slik gjer du:

Smelt sjokoladen i vannbad. Pass på å ikkje få vatn i sjokoladen. Dypp jordbæra i den smelta sjokoladen, og legg dei på eit brett som er dekka med bakepapir. Sett brettet i kjøleskapet til jordbæra skal serverast.

 SAMSUNG CSC

#snacks #jordbær #kos #sunnhet #sjokolade #hjemmelaget #detsoteliv

Heimelaga blåbærsyltetøy

Dette er rein luksus. Å kunne ta ut ekte sjølvplukka norske bær i fra frysen, og lage syltetøy til søndagsfrukosten. Eg har hatt ein del blåbær i frysen siden seinsommaren, og no er det siste del som måtte brukast.. Litt kjipt, men dei skal j brukast ein gang! Eg rørte sammen blåbærsyltetøy i ein fart. Eg har tidligare laga plommesyltetøy med kanel, oppskrifta kan du finne her

SAMSUNG CSC

Du treng: ♥ Norske blåbær (evt andre typar bær) ♥ Maizenna ♥ Sukker/ sukrin ♥ Syltepulver ♥

Slik gjer du: ♥ Varm opp blåbæra i ei panne i lag med syltepulver og evt sukker ♥ Tilsett litt maizenna utblanda i kaldt vatn, dette for å få syltetøyet litt tjukkare. ♥ Avkjøl og hell på eit tett glass ♥

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sjekk oppskrifta mi for Heimelaga plommesyltetøy med kanel HER

#heimelaga #hjemmelaga #plommesyltetøy #kanel #godtno #matprat #blåbær #blåbærsyltetøy

#mytaste #aftemposten #kamille #kjøkken #oppskrift #deilig #høst #haust  #plommer 

Nytt DIY- prosjekt på gang

Her sitte eg, glad og fornøyd med plankar og verktøy rundt meg. 🙂 Eg har eit lite/stort prosjekt på gang på badet. Så akkurat no er eg i gang med eit møbel som skal plasserast der, slik at eg kan få litt orden.. Når til og med Vegard synes det var litt for rotete, så tenkte eg at det kunne være greit å ta eit tak 😉

SAMSUNG CSC

Sjekk forresten denne Rolls Roysen eg fekk til jul av mamma og Harald då, altså for ein fryd det er å sage litt material no! Sjølv om pappa ikkje var heilt imponert øve at eg skulle styre med denne heilt aleine. Men ka var det Pippi sa: “Dette har eg ikkje gjort før, så det klarer eg heilt sikkert!” 😀 Den går som ei kula, og eg har enda ikkje fått nåken naboklager i boretslaget 😉 Ja, vi bur i leilighetskompleks. *ler*

SAMSUNG CSC

Her er ein liten sniktitt på prosjektet eg har på gang. Eg trur kanskje den skal beisast svart og, hmm blir spennande å sjå 😀

#diy #prosjekt #byggdetselv #hjemmelaga #hjemmelaget #gjørdetselv

#rom123 #aftenposten #kk_living #kkliving #møbel #hobby #snekkre #monter #maxbo #diy123

 

Oppskrift: Grove rundstykker med speltmjøl

Eg har prøvd meg litt fram og bakt rundstykker uten reint fint kveitemjøl. Kveitemjølet er erstatta med rugmjøl og speltmjøl, i håp om at magen jobbar med meg og ikkje mot meg. Dei ser og smakar i alle fall veldig godt! Akkurat som mamma sine rundtstykker, om eg skal få skryta litt 😉 Dei er kjappe og lage, men krever litt heving for best resultat. 

SAMSUNG CSC 

Du treng:

  • 50 gram fersk gjær
  • 5 dl lunka vatn
  • 1 ss olje
  • 1 ts salt
  • 2 dl femkornsblanding (evt bland sammen korntypar som linfrø osv)
  • 3,5 dl rugmjøl (fint)
  • 9 dl speltmjøl

Slik gjer du:

  • Rør ut gjæren i kroppstemperert vatn.
  • Tilsett salt, olje og femkornsblanding
  • Tilsett sikta speltmjøl, litt etter litt.
  • Elt deigen godt. Eg brukte henda, men er du heldig kan du bruke kjøkkenaskin.
  • Dekk til deigen og sett den på ein lun plass til heving. La den heve i ein time.
  • Når deigen er ferdig heva, ruller du den ut til ei pølse. Deretter deler du den i 16 emner, og rull til rundstykker.
  • Etterhev på ei bakeplate med eit tørkle over. La det stå på ein lun plass i ca 20 min.
  • Pensle med vatn eller egg, og strø på litt frø.
  • Steikast midt i ovnen på ca 200 grader, i 20-25 min. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Det er ca 200-220 kcal i kvart rundstykke. 

#rundstykker #grovbakst #oppskrift #godtno #baking #brødmat #glutenfri #laktosefri #frifor

Happy Valentine

SAMSUNG CSC

Til frokost idag slo Vegard på stortromma og laga amerikanske pannekaker.Han brukte DENNE oppskrifta fra Tine. Eg heiv meg rundt og laga nyrørt blåbærsyltetøy, og vips så hadde vi ein nydelig søndagsfrokost på sjølvaste Valentine! 

SAMSUNG CSC

Og serviset, det elskar eg. Eg var til og med så heldig å komme øve 2 for 1 tilbud på Tilbords. Så no har eg seks koppar og seks frokosttallerkener.:)

SAMSUNG CSC

Og sjølvsagt ein nydelig bukett med roser, heldige meg! 🙂

SAMSUNG CSC

#valentine #happy #blomster #pannekaker #godtno #tine #matprat #oppskrift #mat #frokost

Gratulera med morsdagen!

Gratulera med morsagen til verdens beste mamman min!<3 Du er den beste mamman eg kunne fått; så snill, god og omtenksom. Eg er glad du bare er mi, og at eg sleppe å dela deg med nåken!

Oppskrift: Boller for sarte mager

På søndag hadde vi fastelavenfest heime hos oss. Vegard baka nydelige lufttige bollar til gjestene, så laga eg meg nåken eigne bollar så eg skulle sleppe å få så vondt i magen. Dette var eit lite testprosjekt, bare for å sjå korleis magen reagerer forskjellig på speltmjøl og vanlig kvitt kveitemjøl. Desse bollane var ikke spesielt søte, men dei var absolutt gode. Og det beste av alt er at eg ikke låg på sofaen med magesmerter resten av kvelden.! Fra no av blir det pizzabunn med spelt!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 25 gram fersk gjær
  • 300 gram skyr naturell eller vanilje
  • 2 dl lunken eplejuice
  • 1 ts kardemomme
  • 1 knipe salt
  • 150 gram Fibramel
  • 150 gram siktet speltmel + litt ekstra til justering

 

Slik gjer du:

  • Smuldre gjæren i ein bolle, og varm opp eplejusen til kroppstemperatur.
  • Bland ut gjæren i eplejusen. Tilsett Skyr, kardemomme og salt. 
  • Bland inn mjølet litt og litt. Bruk gjerne eit dørslag, slik at mjølet blir silt fint. 
  • Elt deigen godt i  10 minutt. 
  • Dekk til bollen og sett til heving på ein lun stad i minst ein time.
  • Form deigen til bollar og sett til etterheving i ca 15 min. Eg måtte bruke ein del ekstra speltmjøl, for deigen var svært klissete.
  • Pensle med egg og steikast på 200 grader midt i ovnen, i ca 15 minutt. Avkjøl på rist.

 

 Tips: For å få bollane søtare og finare i konsistensen, så kan du bare bruke speltmjøl, og evt tilsette litt honning, sukker, sukrin, eller nåke søtt.

I oppskrifta står det at ein skal forme deigen til 6 bollar. Dette blir 6 svære bollar, så du kan trygt dele deigen i 10-12 bollar. Her er eit bilde av tre bollar på ein middagstallerken:

SAMSUNG CSC

Siden vi feira fastelaven hadde vi godt med krem i bollane, og bordet pynta med bjørkeris.

SAMSUNG CSC

For spesielt interesserte: Heile oppskrifta inneheld “bare” ca 1300 kcal. Altså, ikkje så veldig mykje om du deler oppskrifta opp i 10 bollar. 

Oppskrifta fann eg på Fitfocuse sin blogg. 

 

#oppskrift #godtno #boller #matprat #sunnmat #studentmat #rundstykker#fastelavn #fastelaven

#fastelavensboller #sukkerfri #bakeutensukker #diamat #boller #gjærbakst #supersunn #familiemat #sukkerfri#bakst

Husmorpoeng

Idag følte eg virkelig for å lage skikkelig husmannskost til middag. Eg kom i fra butikken med komler, steikt lyr og fiskegrateng i tankane, så fekk Vegard bestemme når han kom heim. Valget var visst ikkje så vanskelig, då ein av to var utan fisk 😉

SAMSUNG CSC

 Det blei komler med bacon, kålrabi og Sundepølse til middag idag! Ein meget imponert mann ligge no og sove middag ved siden av meg. Det er visst mange måter å ete komler på, med syltetøy, sirup, sukker og slik vi et det; med bacon, salt kjøtt og pølse. Ka et dåke ved siden  av komla/kompa/raspeballer? 😀

SAMSUNG CSC

#komle #kompe #raspeball #middag #matprat #godtno #middagstips