Fastelaven diy

Mandag og ny veke! I går shina eg litt i leiligheten til vi fekk besøk, så her kjem litt bilder 🙂 Kameraet mitt streika jo selvfølgelig etter at eg hadde fått tatt fine bilder i dagslyset, så eg måtte få formatert heile minnekortet… Så bildene blir ikkje i dagslys….. Heldigvis kom kameraet seg til hektene igjen 😉 

SAMSUNG CSC

Siden det var fastelaven, og vi skulle ha folk på bollar, så måtte vi jo ha fastelavenris! Eg tok meg ein tur ut i skogen og fant meg ein fin bunt med bjørk og fant fram fjær. Du treng ikkje mykje for at det skal bli litt koselig.Ta det du har!  Eg hadde bare kvite fjør, så då blei det det i år! Det var så koselig, at eg trur nok dei får stå ei stund. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Oppskrift på bollane kjem seinare i veka 🙂

SAMSUNG CSC

 

#diy #fastelaven #interior #interiør #rom123 #interior123 #hjemmelaga #enkelt #easydiy 

Restefest

SAMSUNG CSC

Restefest og restefest, i alle fall fra i ettermiddag. Bollane eg laga til fastelavensfesten vi hadde, var like gode med pålegg på som med krem. No har eg akkurat ete meg ein bolle med god samvittighet, og er klar for senga. Bollane er nemlig ikke som vanlige bollar, dei er litt “sunnifiserte”. Oppskrifta kjem seinere i veka 🙂

SAMSUNG CSC

God natt! Og ha ein fin mandag <3

DIY: Enkel strikkahals

Når eg hadde strikka ferdig Mariushuene, så hadde eg ein del tråd igjen. Eg googla litt att og fram før eg fant denne kjappstrikka halsen. Den må jo være deilig å kunne tre denne nedover hovudet på ein liten barnehagegutt! Eg har strikka halsen i str 2-4 år, og den strikkar ein fort ein kveld. Oppskrifta kjem under bildet.

SAMSUNG CSC

Str: 2-4 år, (4-6 år), 8-12 år

Du treng:

  • Pinne: Rundpinne nr 3,5, 40 cm
  • Garn: Eg har brukt Babygarn Superwash merino anbefalt pinnestr 2-3. Ha tråden dobbelt.

 

Slik gjer du: 

  • Legg opp 68 (72), 80 masker laust med dobbel tråd på rundpinne.
  • Strikk vrangbord 2rett 2vrang i ca 13 (15) 18 cm. Denne kanten skal brettast ned, så tenk på det når du strikker ønska lengde.
  • Sett halvparten av maskene på ein hjelpetråd, og strikk rett fram og tilbake på maskene som er på tråden. 
  • Når arbeidet måler 8, (10), 12 cm (eller ønska lengde) så feller du laust av.
  • Sett maskene som er på hjelpetråden inn på rundpinnen og strikk riller her og. Strikk like langt som på den andre.
  • Fest tråder og send til ein heldig utvalgt.

 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fann eg på Majas Hobbykrok på hobbykrok.blogspot.no

 


#diy #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk 

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #tips #triks #hals #barnestrikk #strikkethals 

Oppsummering Januar!

Tenkte å komme med ein liten oppsummering på små høgdepunkt i januarmåned. Tenkte kanskje dette kunne være kjekt å sjå tilbake på, då eg ikkje deler alt i fra kvardagen min på bloggen. Det er mykje eg “glømmer” å legge ut om 🙂

Januar:

1.1: Nyttåret blei innvia på Vågslid med rakettar og bading i stamp. Første nyttårsdag var ein nydelig dag i skibakken på Vågslid, etterfulgt av litt afterski. 

2.1: Pappa og dei reiste heimøve, eg og Vegard bestemte oss for å være ein dag ekstra. Det var surt i bakken, men vi tok oss nåken turar uansett. Når vi var ferdige fikk eg ein tlf fra ei veninne av meg, Marte, som fortalte at dei hadde stått 2 timar i kolonne ved hovedveien. Vi inviterte dei då opp på hytta for å vente, då det var estimert ei ventetid på over 6 timar. Dei kom seg øve fjellet, 5-6 timar etter dei først stillte seg i kø.

3.1: Vi reiste heimøve til Sørlandet og var klare for kvardagen!

4.1: Årets første snø! Denne fortjener eit eige punkt..;)

9.1: Eg overraska Vegard med resturantbesøk og Matomabillettar på Kick! Vi hadde og vår første tur i skiløypa i Jegersberg. 

15.1: Nyttårsbord med jobben til Vegard. Nydelig tapas fra messa og kjempestemning. 

16.1: Vi reiste på spontantur til Danmark ilag med Mona, Harry, Eva, Mathias og Zelia. Tur/retur samme dagen på ein liten harryhandel. Vi var innom Aalborg for å sjå, før vi kjørte til det store senteret “Bilka” litt utfor Aalborg. Det var så masse folk og ting at ein kunne bli sprø av mindre. Vi kom oss heilskinna heim igjen, og ikkje alt for fattige..

19.1: Etter fire dagar blei eg ferdig med min første Mariusgenser! Ein stor mestringsfølelse, då eg tydligvis klare å lese oppskrift i bok.. No er det bare å hoppe i alle mulige oppskrifter som finnes der ute!

21.1: Middagsbesøk hos Linn og Anette! Ein liten koselig tradisjon vi prøver å ha ein gang i veka.

SAMSUNG CSC

22.1: Eg reiste på julebord til Stavanger med jobben. Vi tok toget kl 09:00 på morgonen. 

23.1: Retur fra Stavanger, og var i Kristiansand kl 13:00. Det var rett på Westernparty på Kjevik med Vegard sine kolleger. Utkledning og alt! 

28.-30.1: Eg og Kristin hadde ein jentetur til Oslo der vi var på vare og interiørmessa i Lillestrøm, shopping og nydelig mat og drikke. Vi åt nydelig tapas på Delikatessen på Aker brygge, nåke som virkelig er å anbefale. Lørdagen etter at Kristin var reist heim møtte eg bror min, Truls, for lunching og kvalitetstid. Sjekk innlegget HER

30.1: Eg landa i Kristiansand 20:05 og 20:55 var eg og Vegard på plass hos Mona og Harry for utgang med gode venner. 

#oppsummering #januar #january #thismonth #tb #throwback

A bowl of fruit

Idag har eg spelt håndballkamp med jobben. Kampen gikk som alle andre kampar, vi vinn på godt humør og god stemning. 😉  Eg scora faktisk eit veldig fint mål idag, på tidenes kontring. Fekk ein lang pasning (kalles det pasning i håndball?), var heilt aleine med keeper og scora heldigvis. *klapp på skuldera*. Eg klarte og å få eit gult kort då, men siden eg ikkje heilt har forstått alle håndballreglane så forsto eg i alle fall ikkje kor det kortet kom i fra.. jaja 🙂

SAMSUNG CSC

No har eg hatt meg eit langt bad, med ei stor skål med frukt og litt kesam. Eg kjenner beina er slitne og gler meg stort til å legge meg ned i senga, om ikkje så alt for lenge. I måro skal Linn, Anette, Vegard og eg ut å ete. Det er “Spis for 100” i byen, nåke som vil sei at mange resturantar selger ein til to rettar for kun 100 kr! Då gjeld det å slå til og utnytte tilbudet 🙂

SAMSUNG CSC

Såg ikkje dette nydelig ut? <3

#kvelds #snacks #frukt #kamp #studentmat #bama #fruktno