EBay-tips: personlige merkelapper

Eg har lenge brukt merkelapper på det eg gir bort av strikketøy. Det er så praktisk for mottaker å vite garntype, navn, størrelse og ikkje minst vaskeanvisning på plagget dei mottar. No har eg plutselig tatt det til “next level” og kjøpt meg stempel til lappane. Litt rart siden eg ikkje selger det eg strikker, men heilheten aukar jo så mange hakk, og bare sjå kor kult det blir!

STEMPELMERKELAPPSTEMPELPUTE

Eg kjøpte ein haug med merkelappar på eBay HER. Enormt mykje billigare enn på hobbybutikk. 30kr for 100 stk vs 70 kr for 20 stk i butikk.

Det personlige stempelet har eg kjøpt HER.  Kult? Ein kan velge mellom forskjellige motiv og valgfri tekst.

Stempelpute har eg kjøpte på hobbybutikk, men HER finn du eit som er anbefalt.

STEMPELMERKELAPPSTEMPELPUTE

Sommerplanting

Vår, varme i været og 17.mai er litt synonymt med sommerplanting. 😁 I år klarte eg å drøye med å plante til 16.mai, og heldigvis for det då det var frost bare nokon dagar før. Det var ekstra kjekt å plante i år. Nytt hus, ny platting og nye blomsterkrukker! Eg har kjøpt alle mine på Jysk, men anbefaler ikkje dei store… Den eine har fått ein stygg mørk farge (ikkje på desse bida), så eg har ein sak pågåande med Jysk der. Sikkert bare ein feilproduksjon, men kjedelig når eg allerede har planta… Den største er jo fin, så kanskje eg anbefaler dei seinare, vifårsjå

Uansett! Eg kjøpte blomane på eit lokalt gartneri, samme som i fjor faktisk. Dei er veldig kunnskapsrike der, og om ein handlar på eit ugunstig tidspunkt (når ikkje alle andre er der) så får ein enormt med hjelp. Perfekt for ein med ikkje så grønne fingrar som meg. Eg vil jo bare at dei skal være fine og vare lenge! 😁

I år gjorde eg nåke nytt. Mulig det er eit velkjent triks for alle andre, men nytt for meg. Eg la “fiberduk” mellom lekakuler og jord slik at lekakulene ikkje skulle fyllast med jord og dreneringa bli ødelagt. Eg lyge litt når eg skrive fiberduk, for min type fiberduk er kaffifilter, som eg satsar på gjere samme nytten  🙈  Nei, så no kan bare sommaren (og alle andre gjester) bare komme 😁

Takk for ALT Forsvarsbygg

An era has come to an end!

Etter 5 år i tett forhold med Forsvarsbygg så har vi endelig sagt opp. Det har vært veldig behagelig å bu i Forsvarsbolig i alle disse åra, men h-e-r-r-e-g-u-d så deilig det var å avslutte det forholdet! Golvkaldt, gjennomtrekk, aldri oppvarma, gammalt and the list goes on… Vi gler oss stort til eit nytt kapittel sånn ca 200 m lengre bort i gata (ikkje så alt for store forhold her oppe nei…) 😁

Vi har kjøpt hus!

Ja, det er heilt sant.😁 Og det skjedde på ein måte så fort at vi nesten ikkje har fått summa oss enda.

Vi var på første visning 18. mars, la inn bud 25. mars og 27. mars hadde vi kjøpt bolig og 12.april overtok vi😅 Så her gjekk det virkelig fort i svingane kan ein sei.

Det er eit ende-rekkehus med seks enheter, der vi kjenner 3 av 5 av dei andre som bur her. Det var nok nesten hovedgrunnen til at vi valgte denne boligen. Hadde nok aldri kjøpt rekkehus om vi ikkje visste kven naboene var! 😊 Boligen er i frå 2015, så vi trenge jo absolutt ikkje gjere nåke som helst med den. Det er så deilig å ikkje flytte inn i eit oppussingsobjekt (sjølv om eg ein dag har veldig lyst til det og🙈).

Vi har vært så mykje på farten i det siste at vi ikkje har fått budd oss skikkelig inn enda. Ting er fortsatt litt kaos (i 2. etasje),men det skal vel ta litt tid? No gler vi oss bare til å nyte sommaren i det nye huset. Litt småprosjekt her og der kjem vi nok og til å holde på med, men vi har heldigvis god tid! No skal det nytes! 😊