Måneden som gikk: Juli

No når kvardagen endelig er i gang igjen, så tenkte eg at eit innlegg om sist månad kunne være kjekt å lage. Planen er jo at denne type innlegg skal komme etter kvar månad. Det er jo ikkje alt som skjer i kvardagen som kjem i eige innlegg på bloggen, så ein oppsummering kan være kjekt å sjå tilbake på. Så slepp eg å skrive dagbok 😅


1.-04.07: Vi ferierte fortsatt i USA og var nåken dagar i New York før vi reiste heimover til Norge.😊 Innlegg HER og HER.

04.-05.07: Heimreise og endelig landa vi på Norsk jord!😃  Etter eit heilt år i utlandet var det virkelig godt å komme ut på Flesland å kjenne på den friske lufta vi har her i landet. Les meir om det HER.

12.07: Utdrikningslag til Kristine! Vi tok båten i frå Stord og over til Skånevik kor vi skulle være for dagen. Her var vi på Villmarksleiren og hadde leikar og åt mat. Dette kan virkelig anbefales!

13.07: Eg blei med Kristin på Maria Mena konsert i Baronihagen. Tidligare på dagen hadde vi hatt besøk av Maria inne på Instinkt Mote, så ho opptredde i ein kjole ho fekk i frå oss. Stas! Sjå innlegger HER. 😊

19.-20.07: Eg reiste spontant til Kalve for å besøke tante og onkel på hytta si.😊 Mamma og Harald var allerede reist med båten, så eg var ikkje vond å be. Simen kom og, så vi fekk to fine dagar ute i havgapet ilag. Sjå fleire bilder HER.

20.07: Vegard blei 25 år! Dette feira vi rolig med eit familieselskap heime i Omvikdalen. 

21.-23.07: Eg og Vegard lånte båten til pappa ut til Halsnøy for å være med på Den Store Reke og Krabbefesten som blir arrangert kvart år. Vi låg i båten ved siden av mamma og Harald, og levde båtlivet fult ut. Veldig koselig!😊 Dette blei og vår “miniferie” i år.

28.-31.07: Vi reiste til Kristiansand for å flytte ut av leiligheten vår. Flyttefolka kom ikkje før på mandagen, så på lørdagen hadde vi ein heidundrandes fest med gode venner i Vigvollåsen! Vi var dessuten på Kapteinsabeltannshow på fredagen, så fekk vi gjort det og før vi flytta. 😊

Takk for oss Kristiansand! <3 

#blogg #reise #usa #sistmåned #juli #2017 #ferie #kristiansand #kvinnherad

Kopparen 483 moh

Første veka vi budde her på Brekstad kom som sagt mamma på besøk. Ho hjalp godt til med utpakking og vasking, men vi kunne jo sjølvsagt ikkje bare være inne heller. Så på onsdagen tok vi på oss turklea og kjørte innover mot Bjugn kommune. 😊

Når vi kom til parkeringsplassen mista vi egentlig motet litt. Her i frå kunne vi nemlig sjå toppen, og den såg ut som om den var så enormt langt vekke. Ikkje i høgdemeter, men i lengdemeter. Heldigvis så var det ikkje så gale som vi trudde, og etter at vi hadde gått litt langs grusveien så kom vi til “foten” va fjellet. Her i frå var det ganske rett oppover langs ein fin grusvei. 

Når vi omsider kom til toppen så fekk vi veldig god utsikt over heile Ørlandet og Brekstad. Midt på bildet ligg Brekstad. Vi kunne og sjå heilt ut til vindmøllene på Smøla (trur vi) 😅

Vi møtte fleire folk på veien, men det var tydeligvis kun ein annan person som hadde vært oppe å skreve seg i boka. Er ikkje det obligatorisk når ein går på fjelltur? Å skrive seg i boka altså! 😅

På vei ned fant vi masse fine blåbær som gjorde heile turen 100 gangar bedre. For kva er vel kjekkare enn å ete bær rett i frå naturen? Yum!

Blåbær rett i frå tua ❤️

#fjelltur #fjell #reise #utno #ut #kopparen #trim #trening #trøndelag #bær #blåbær

Fra koffert til einebolig

Mykje har skjedd siden sist, og vi har gått i fra å være Amerikanera og Sørlendinga til å bli Trøndera! 😊  Vi har altså tatt flyttelasset med oss å flytta ein times tid utanfor Trondheim. Fredag 4.august kjørte vi i frå Vestandet og direkte opp til hit. Vi har flytta inn i ein einebolig på eit plan med 3 soverom, hage og alt som skal til. Per no er det sjølvsagt ikkje heilt i orden her oppe, men med god hjelp i frå mamma første veka, så kom vi oss godt på plass likevel. 

 Utsikt over Brekstad i fra Kopparen

Eg har jo og starta i ny jobb! Heldig som eg er fekk eg jobb før eg flytta opp her og har starta i ein butikk som heiter Fifty/50. Det er ein konseptbutikk med interiør og dameklær, og til hausten skal vi og starte med herreklær. Dette blir så spennande! Eg har og vært så heldig å fått vært med på motemessa og innkjøp i 5 dagar, og det kjem så mykje fint til våren! Då er det jo ekstra gøy å selge og 😃  Dessuten er kollegaene mine og heilt supre, så eg gler meg veldig 😊

Små forhold her oppe. På vei til grilling hos Helge og Susanne som bur sånn 500 m borti veien.

Leiligheten er som sagt ikkje heilt klar, men eg lovar at det kjem bilder! Eg skal blandt anna få nye fargar på veggene og litt slikt før vi er heilt fornøyde her. Det har jo tross alt vært bebodd her før, og det er eit gammalt hus, men vi gjer det beste ut av det så blir det bra 😊

Nydelig solnedgang i fra hagen vår.

Vi gler oss stort til å ta fatt på den nye kvardagen og det nye livet vårt her oppe i Trøndelag. Og vi er begge sikker på at her kjem vi til å trivast dei neste åra.

Soloppgang innover i Trondheimsfjorden.

 

#kvardag #hverdag #brekstad #ørland #ørlandet #flytte #reise #trønder #fosnafolket 

Birthdaygirl!

På onsdag blei eg heile 25 år! Bursdag er virkelig livet folkens! Eg trur nok og det blir kjekkare for kvart år som går. Dessuten har eg innført bursdagsveke, så heile veka blir ein stor fest 😅  

Og sjå kva eg fekk hos Vegard då! Eg har lenge drømt om bysykkel med korg, og kva andre plassar enn her på Brekstad passar det bedre med ein slik sykkel? No kan eg sykle til jobb og ha veske eller posar i kurven. Ein draum! Min mann er best ❤️

  

Ellers har eg visst blitt skikkelig voksen og fått meg kjøkkenmaskin hos mamsen! Eg har hatt ein sånn dårlig kjøkkenmaskin før, så å få eit skikkelig beist er heilt fantastisk. Eg gler meg sånn til å få bruke den. Det er til og med kjøttkvern med, så no kan Vegard bare komme seg på fiske så skal eg lage fiskekaker til den store gullmedaljen 😎

På kvelden tok Vegard med med på ein finare restaurant her på Brekstad. Hovde Gård ligg 200 m i frå huset vårt, så det var ikkje akkurat lange stykket å gå. Alt er liksom i nærheten om ein bur på Brekstad. 

Det var eit fantastisk fint område, med herskapelige bygg. Vi åt i restauranten som dei kalla Fjøset, og som namnet seier så var det tidligare fjøset på gården. Fantastisk fint lokale, og ikkje minst god mat. Her kan vi gå igjen 😊

Takka være denne mannen her, og mange andre fine folk, så hadde eg ein fantastisk fin bursdag her i Trøndelag! Tusen takk alle sammen ❤️

#birthday #bursdag #gave #voksen #mat #restaurant #hus  #presang

Fiskeferie på Kalve

Velkommen til paradis!

Altså, kor fint er det ikkje her då? Eg var så heldig å få muligheten til å besøke Kalve på Austevoll i sommar. Onkel og tante har hytte der ute, og når mamma og Harald allerede hadde kjørt ut med båten så var eg ikkje vond å be. Klokka 5 sto eg opp, og var klar på Sunde båtkai rundt klokka 06:00. Om eg var trøtt når eg kom fram til frokosten? Ja, men til denne utsikten så var det ikkje nåke problem å halde seg våken 😊

På Austevoll fiskar dei jo mykje, så det var absolutt obligatorisk når vi var der. Det var dårlig med fisk å få p stang, så vi satt eit garn så vi fekk fleire fine fiskar i. 😊

Wiii, sjå kor stor då! 😃

I djup konsentrasjon ved fileteringa..🐟

Vi fekk oss og ein liten tur ut til Skansen. Her fekk vi god utsikt mot Marstein fyr som ligg i havgapet. 😊

Denne dagen var det heldigvis fint vær, men til vanlig og når stormen står på som verst her så kan ein ikkje være her utpå. Då er det rett og slett livsfarlig for både store og små! 🌊 🌊 🌊

Eg og Simen tok oss og ein tur med kajakkane. Her padla vi i rundt 2 timar rundt og ut mot havet. 

Heit uti havet der ligg England! Vi padla ikkje så langt då 😅

Idylliske Kalve!

Takk for nåken fine dagar i paradis! 😊

#summer #sommer #ferie #reise #travel #reisebloggen #reisemagasinet #norge #bilder #natur #fisk #fiske #fisking #kalve #hordaland #utno #yrno #storm #tv2vaeret #tv2 #sol #kalve

Dag 9: Siste dag i USA

Lørdag og siste heile dag i New York står no for tur. Kva skal eg egentlig blogge om når eg er ferdig med USA-eventyret vårt?🤔   Det blir nok ikkje så hyppig, eller interessant, med blogging om livet på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag, men vi satsar på litt oppdateringar likevel 😊


Frihetsgudinnen:

Mandag var planen å komme seg tidlig ned til Frihetsgudinnen, siden køen var så enormt lang til lenger ut på dagen det gjekk. Vi klarte jo ikkje å komme oss ned dit til 8 (vi var da tross alt på ferie), men var i billettkøen rundt 11. Det gjekk virkelig fort unna, og innen klokka var 12 var vi på båten på vei over til Liberty Island.😊

Båtane som går i skytteltrafikk kvart 20 min. 

Frihetsgudinna var like magisk som den var for 7 år siden. Vegard blei veldig overraska, for han hadde ikkje trudd den skulle være så stor som den var. Dessuten var det ok menge med folk der ute, med tanke på at det var midt på sommaren vi valgte å ta turen. 😊

På båtturen ut til øya kan eg anbefale at dåke står på styrbord/høgre side av båten. Då får du sett Frihetsgudinna i frå sjøen og. På vei heim igjen er det sjølvsagt andre sida som er best å sitte på. 😊

Vi gjekk ein runde på øya og fekk til slutt ein nydelig utsikt over heile skylinen i New York. Og ikkje minst det nye One World Observatory bygget som ruver 541 meter over bakken. 

Little Italy

Vidare tok vi sunbwayen mot Little Italy. Denne dagen hadde vi nemlig bestemt oss for at vi måtte klare å få i oss ein lunch i rimelig tid før middagen skulle inntas. Valget falt derfor på Il Cortile, ein restaurant som er kjent i fra serien Sopranos. Vi satt ute, men inne minna det meir om eit slikt mafia miljø som det er i serien. Vi såg ekstra godt rundt oss om det kanskje satt nåken som minna litt om mafiabossar rundt der ja.😅Hadde det vært ei gågate her så hadde eg nok følt eg hadde vært i Europa. Dessuten var Little Italy 100 ganger roligare og koseligare enn nabogata, der Chinatown er.. 

China Town

I China Town var det folk som stod å skulle selge oss nåke i det vi runda gatehjørnet i fra Little Italy. Altså, er det mulig! Vi fekk begge flashback til selgerane i Tyrkia, og fekk rett og slett litt avsmak..🙄 Heldigvis skulle vi ikkje være her så lenge, men vi måtte gå eit stykke igjennom for å finne ein undergrunn. Ellers er det jo veldig fasinerande korleis dei har klart å lage til eit så autentisk miljø midt i New York City! Her får du nok tak i det meste av spesiell mat som du får tak i i Kina og. 

Typiske sjapper som låg langs gatene i China Town.

Central Station:

Vi tok subwayen vidare nordøve og fant plutselig ut at vi var på eit tog som skulle innom Central Station. Dette passa jo meg bra siden eg hadde lyst å sjå den og. Vi hoppa av her og fekk endelig sjå nok ein kjent plass i fra mange filmar. 

Nede til venstre står togtidene og blinkar. Sjølv om det er enormt mykje folk innom her kvar dag, så var det veldig reint og ryddig her.. Og ikkje minst fasinerande å tenke på at folk som er der faktisk er på reis, slik som på OsloS. 😊

Empire State:

Etter Central Station gjekk vi nedover mot Empire State. Planen var ikkje å gå opp i denne, då eg hadde vært her før, men V ville veldig gjerne sjå den. På veien ned fekk vi og kjøpt ein ny håndbagasjekoffert og, så vi slapp å få så mykje overvekt på bagasjen på veien heim. 

Rundt Empire State, på Street 34/ Broadway er det og eit fint shoppingområde. Kan anbefale å ta turen her om det er nåken som er interessert i shopping, og nåken som bare likar å sitte på cafe/pub å vente.😊

Seinare på kvelden tok vi turen på ein restaurant som heiter Brazil Brazil. Her fekk vi servert eit godt stykke kjøtt og tilbehør. Ein koselig kveld ute, men vi var nok begge litt lei av å ete ute på restaurant, og gleda oss vel mest til å komme heim til Norge og god norsk mat. Slik er det vel når heimreisen nærmar seg!😏

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –

#newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen 

Sky high

Skyskrapara er så fasinerande! Og i alle fall dei som har vindu som er så klare at skyene speiler seg i dei. Ser jo nesten ikkje kor bygget ender ein gang. Nyydelig! 😍

#foto #newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen

Dag 8: 2700 km seinare – New York!

No kjem endelig innlegget i fra første dagen vår i The big apple. Søndag morgon starta rolig. Gu det var deilig det var å endelig få sove i ei skikkelig “vestlig” seng igjen. Mjuke gode puter, dyne og deilig seng gjorde at vi ikkje klarte å stå så alt for tidlig opp denne dagen. Når vi endelig kom oss av gårde tok vi undergrunnen heilt sør på Manhattan. Vi valgte å kjøpe 7-dagars billett for 32$, og brukte dette flittig alle dagane vi var i byen. 😊

Første planlagte stoppestad var egentlig Frihetsgudinna, men på grunn av alle turistane og køen så droppa vi det denne dagen. Vi fant ut at vi heller skulle være litt tidligare ute neste dag, og satse på mindre kø på mandagen. Vi valgte derfor å gå vidare opp mot Wall Street.

Oksen:

På vei opp til Wall Street gjekk vi forbi den kjente Wall Street oksen. Problemet her var jo at turistar har jo tatt totalt over heile oksen.. Det var jo ikkje ein gang mulig å få sett heile oksen ein gang på grunn av folk.😅  Og ikkje for å virke stigmatiserande eller nåke, men det var ekstremt mange Hinduistar som meir eller mindre tilba den og måtte ta og stå kloss inntil oksen. Og ikkje minst ta bilder av og med den i alle mulige vinklar… 

Jaja, så får statue være statue 😅

Wall Street:

Vidare gjekk vi nordover og opp mot den kjente gata Wall Street. Wall Street er vel kjent som verdensøkonomiens sentrum, så med andre ord ein mektig plass. Vi kan ikkje sei vi merka nåke til “stresset” som sikkert foregår på innsida av desse bygningane, men etter det vi har sett på film (😎 ) så går det i eit enormt tempo her! 

Høge fine bygningar var det i alle fall. Sikkert bare kontorbygg alt sammen. 

9/11 Memorial:

Endelig skulle vi få oppleve Ground Zero og 9/11 memorial. Dette var eit nydelig og fantastisk fint gjennomført museum/ minnesområde for dei etterlatte og overlevande etter terrorhandlinga i 2001. Historien var godt gjenfortalt og veldig rørande. Nederst i museumet og inne på hovedmuseet var det ikkje lov å ta bilder. Nåke som er veldig forståelig med tanke på dei etterlatte og av respekt for dei omkomne. 

Ved bursdagar, så blir det sett ei kvit rose ved navnet til dei omkomne. 

Her er eit av dei siste bileta som vart tatt av Twin towers.

Det var veldig fint å få sjå heile tidslinja i frå dagen, og i frå dei forskjellige flya som krasja. Vi fekk jo og meir innblikk og informasjon om kva som skjedde på Pentagon, nåke som egentlig var veldig fint med tanke på at vi hadde vært der tidligare i veka. 

Denne brannbilen sto plassert under ei gangbru mellom tårna. Alle som arbeidde på den var inni tårna når dei kollapsa…

Her er One World Observatory, som no er den høgaste bygningen i New York. Den blei bygd som eit symbol på at USA reiser seg igjen etter terroren. Den står på området der dei andre World Trade centera står. 

Evakuering av World Trade Center 4

Rett etter at vi var kome oss ut av 9/11 Memorial blir vi møtt av ein vegg med brannbilar, politi, ambulanse og til og med nåken militære. Dei begynte å stenge av området rundt det 4. World Trade Centeret. Vi kunne sjå at heile bygget var evakuert, men siden det lukta mat og litt svidd så konkluderte vi egentlig med at det bare var pga brann på ein restaurant eller lignande. Det virka ikkje som om det var nåke superalvorlig siden folk rundt bygningane ikkje blei evakuert, så vi gjekk bare vidare.  Sjølv om vi syntest det var litt rart at militæret og var representert her med våpen og bombevest.. 

Militæret og journalistane på plass.

Seinare på ettermiddagen leste vi at det hadde vært evakuering pga ein sekk som var funnen inne i bygget. 😮 Det var heldigvis bare ein sekk med vitaminer og klær i, men dei tar ingen sjansar her i Usa lenger. Egentlig litt fint og då, og ikkje minst å sjå korleis dei håndterte ein slik situasjon. Det var ingen panikk blandt folk i det heile.

Friends bygget og Sex In The City trappa:

I frå Ground Zero tok vi subwayen opp til eit område som heiter Greenwich Village. Det er kanskje tidenes koseligaste nabolag vi var innom i New York, så her kan eg anbefale ein tur. Det er og i dette nabolaget den berømte trappa i fra Sex in the city og Friendscafeen ligg. 😊

Ååå, slike byggningar! Så idyllisk og typisk New York!

Trappa til Carrie Bradshaw finn du her: 66 Perry St, New York, NY 10014

Friendsbygget kan du finne her: 90 Bedford St, New York, NY 10014, USA

Cafeen er faktisk i drift og. Ikkje likt som den i serien, men koselig likevel.😊

Times square:

Resten av kvelden gjekk til shopping og turisting på Times square. Vi budde For ein plass seier bare eg. Eg har vært der før, men huska ikkje at det var slik det var. Det er jo bare eit kaos uten like… Turistar over alt. Men igjen, det er jo ein veldig spennande plass, og når hotellet vårt låg kun 5 min vekke så blei det litt trøing her kvar kveld. 

Som i ein film!

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –

#newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen