Fra koffert til einebolig

Mykje har skjedd siden sist, og vi har gått i fra å være Amerikanera og Sørlendinga til å bli Trøndera! 😊  Vi har altså tatt flyttelasset med oss å flytta ein times tid utanfor Trondheim. Fredag 4.august kjørte vi i frå Vestandet og direkte opp til hit. Vi har flytta inn i ein einebolig på eit plan med 3 soverom, hage og alt som skal til. Per no er det sjølvsagt ikkje heilt i orden her oppe, men med god hjelp i frå mamma første veka, så kom vi oss godt på plass likevel. 

 Utsikt over Brekstad i fra Kopparen

Eg har jo og starta i ny jobb! Heldig som eg er fekk eg jobb før eg flytta opp her og har starta i ein butikk som heiter Fifty/50. Det er ein konseptbutikk med interiør og dameklær, og til hausten skal vi og starte med herreklær. Dette blir så spennande! Eg har og vært så heldig å fått vært med på motemessa og innkjøp i 5 dagar, og det kjem så mykje fint til våren! Då er det jo ekstra gøy å selge og 😃  Dessuten er kollegaene mine og heilt supre, så eg gler meg veldig 😊

Små forhold her oppe. På vei til grilling hos Helge og Susanne som bur sånn 500 m borti veien.

Leiligheten er som sagt ikkje heilt klar, men eg lovar at det kjem bilder! Eg skal blandt anna få nye fargar på veggene og litt slikt før vi er heilt fornøyde her. Det har jo tross alt vært bebodd her før, og det er eit gammalt hus, men vi gjer det beste ut av det så blir det bra 😊

Nydelig solnedgang i fra hagen vår.

Vi gler oss stort til å ta fatt på den nye kvardagen og det nye livet vårt her oppe i Trøndelag. Og vi er begge sikker på at her kjem vi til å trivast dei neste åra.

Soloppgang innover i Trondheimsfjorden.

 

#kvardag #hverdag #brekstad #ørland #ørlandet #flytte #reise #trønder #fosnafolket 

6 kommentarer

Siste innlegg