Måneden som gikk: Juli

No når kvardagen endelig er i gang igjen, så tenkte eg at eit innlegg om sist månad kunne være kjekt å lage. Planen er jo at denne type innlegg skal komme etter kvar månad. Det er jo ikkje alt som skjer i kvardagen som kjem i eige innlegg på bloggen, så ein oppsummering kan være kjekt å sjå tilbake på. Så slepp eg å skrive dagbok 😅


1.-04.07: Vi ferierte fortsatt i USA og var nåken dagar i New York før vi reiste heimover til Norge.😊 Innlegg HER og HER.

04.-05.07: Heimreise og endelig landa vi på Norsk jord!😃  Etter eit heilt år i utlandet var det virkelig godt å komme ut på Flesland å kjenne på den friske lufta vi har her i landet. Les meir om det HER.

12.07: Utdrikningslag til Kristine! Vi tok båten i frå Stord og over til Skånevik kor vi skulle være for dagen. Her var vi på Villmarksleiren og hadde leikar og åt mat. Dette kan virkelig anbefales!

13.07: Eg blei med Kristin på Maria Mena konsert i Baronihagen. Tidligare på dagen hadde vi hatt besøk av Maria inne på Instinkt Mote, så ho opptredde i ein kjole ho fekk i frå oss. Stas! Sjå innlegger HER. 😊

19.-20.07: Eg reiste spontant til Kalve for å besøke tante og onkel på hytta si.😊 Mamma og Harald var allerede reist med båten, så eg var ikkje vond å be. Simen kom og, så vi fekk to fine dagar ute i havgapet ilag. Sjå fleire bilder HER.

20.07: Vegard blei 25 år! Dette feira vi rolig med eit familieselskap heime i Omvikdalen. 

21.-23.07: Eg og Vegard lånte båten til pappa ut til Halsnøy for å være med på Den Store Reke og Krabbefesten som blir arrangert kvart år. Vi låg i båten ved siden av mamma og Harald, og levde båtlivet fult ut. Veldig koselig!😊 Dette blei og vår “miniferie” i år.

28.-31.07: Vi reiste til Kristiansand for å flytte ut av leiligheten vår. Flyttefolka kom ikkje før på mandagen, så på lørdagen hadde vi ein heidundrandes fest med gode venner i Vigvollåsen! Vi var dessuten på Kapteinsabeltannshow på fredagen, så fekk vi gjort det og før vi flytta. 😊

Takk for oss Kristiansand! <3 

#blogg #reise #usa #sistmåned #juli #2017 #ferie #kristiansand #kvinnherad

11 kommentarer

Siste innlegg