Eg har prøvd meg litt fram og bakt rundstykker uten reint fint kveitemjøl. Kveitemjølet er erstatta med rugmjøl og speltmjøl, i håp om at magen jobbar med meg og ikkje mot meg. Dei ser og smakar i alle fall veldig godt! Akkurat som mamma sine rundtstykker, om eg skal få skryta litt Dei er kjappe og lage, men krever litt heving for best resultat.
Du treng:
- 50 gram fersk gjær
- 5 dl lunka vatn
- 1 ss olje
- 1 ts salt
- 2 dl femkornsblanding (evt bland sammen korntypar som linfrø osv)
- 3,5 dl rugmjøl (fint)
- 9 dl speltmjøl
Slik gjer du:
- Rør ut gjæren i kroppstemperert vatn.
- Tilsett salt, olje og femkornsblanding
- Tilsett sikta speltmjøl, litt etter litt.
- Elt deigen godt. Eg brukte henda, men er du heldig kan du bruke kjøkkenaskin.
- Dekk til deigen og sett den på ein lun plass til heving. La den heve i ein time.
- Når deigen er ferdig heva, ruller du den ut til ei pølse. Deretter deler du den i 16 emner, og rull til rundstykker.
- Etterhev på ei bakeplate med eit tørkle over. La det stå på ein lun plass i ca 20 min.
- Pensle med vatn eller egg, og strø på litt frø.
- Steikast midt i ovnen på ca 200 grader, i 20-25 min.
Det er ca 200-220 kcal i kvart rundstykke.
#rundstykker #grovbakst #oppskrift #godtno #baking #brødmat #glutenfri #laktosefri #frifor
6 kommentarer
Nam så godt :))
De så veldig gode ut! takk for oppskrift : D
Anette: Bare hyggelig
Dei smakte faktisk heilt nydelig om eg skal få skryta litt 
spisogspar: Veldig deilig
Så fine og gode de så ut! elsker grove rundstykker
Henriette Celin: Ja, var nydelige!