Deilig saftig eplekake

Nåke som virkelig høyrer hausten til er varm eplekake med vaniljeis til. Eg var så heldig at mamma frakta nåken kg med epler med seg heime ifrå, då ho kom til Trondheim i slutten av august. Så då måtte det jo bli eplekake av Eike-eplene her i Trøndelag og.😁

Oppskrifta fant eg hos Meny.

Du treng:

  • 250 g brunt sukker
  • 100 g kvitt sukker
  • 270 g kvetemjøl
  • 4 egg
  • 1.5 dl fløyte
  • 170 g smør
  • 1 ts bakepulver
  • 1.5 ts kanel
  • 1 ts kardemomme
  • 1 stk vaniljestang (frøa)
  • mange epler! I oppskriftq står det 5, eg hadde minst 10 stk, der varierer på størrelsen og på kor mykje epler du vil ha i kaka.

Slik gjer du:

  • Skrell epler og kutt dei i ønska bitar. Legg epla i vannbad med litt sitron over seg så dei ikkje blir brune.
  • Smelt smør og sett kjelen av varmen. Hell i kremfløyte.
  • Skrap frø fra vaniljestang ut med ei lita skeig. Pisk deretter egg, vaniljefrø og sukker til eggedosis.
  • Når eggedosisen er klar sikter du forsiktig inn ca 1/3 av dei tørre ingrediensene.
  • Vend deretter vekselsvis inn smør- og fløyteblanding og dei tørre ingrediensene. Når alt et godt blanda vender du inn eplebitane.
  • Kle ei rund kakeform på ca 22cm med bakepapir i bunn, og smør sidene godt inn med smør. Eg hadde og skivet mandler som eg pynta kanten med før eg helte i røra.
  • Legg gjerne nåken eplebåtar på toppen og strø med litt kanel og perlesukker.
  • Steik mindt i ovnen på 180 grader i ca 1 time. For å finne ut om kaka er ferdig kan du stikke ein grillpinne inn i sentrum av kaka, kjem den ut uten kakedeig på seg er kaka ferdig.
  • Lager du dobbel porsjon i langpanne skal kaka steikes nederst i ovnen.
  • La eplekaka avkjøle seg før du tar den ut av forma.

Så er eplekaka klar til å nytast!👌🏼Server gjerne med vaniljesaus eller vaniljeis 😋

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg