Oppskrift: Churros i airfryer

Kven skulle trudd? Dette funka faktisk heilt 100% og var farlig godt. Pass gjerne på at ein er fleire enn 2 stk som skal ha, det blir meir enn nok.. 🙂

Eg har brukt oppskrifta til Det Søte Liv her. 

Ingredienser:

  • 2 dl vatn
  • 75 g smør
  • 2 ss sukker
  • 150 g mjøl
  • 2 egg (store)
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • Du treng og ein sprøytepose

Slik gjer du:

  • Finn fram elektrisk håndmikser, dekk eit brett som passer i kjøleskapet med bakepapir og spray med olje/ formfett.
  • Gjer klar sprøyteposen.
  • Bland vatn, smør og sukker i ein kjele. Varm opp til kokepunktet slik at smøret smelter.
  • Ta kjelen av plata og bland kraftig med ei tresleiv. Sett kjelen tilbake på plata(varmen) og rør heile tida, til du ser at deigen slepper kjelen. Ta deretter kjelen av varmen og avkjøl i 4 minutt.
  • Ha egg og vaniljeekstrakt i kjelepn og visp dette inn med håndmikseren. Fortsett å mikse til deigen blir glatt og klumpfri, som ei tjukk seig potetstappe.
  • Ha deigen i sprøytepose og sprøyt ut ca 10 cm lange stenger på bakepapiret. Bruk gjerne saks for å klippe stengene fra sprøyteposen.
  • Sett brettet i kjøpeskap i ca 1 time for å kjøle ned.
  • Steik churros i Airfryer i ca 10 minutt på 170 grader, til dei er gyldne og sprø på utsida. Husk å forvarme airfryeren.
  • Eg steikte ca 4 stk om gangen for at dei ikkje skulle ligge inntil kvarandre. Dette avhenger sjølvsagt størrelsen på airfryeren.
  • Ikkje åpne airfryer underveis i steiking! Vannbakkels kan klappe sammen om dei blir eksponert for kald luft under steiking.
  • Rett etter at churrosen er steikt vender du den i ein sukker og kanelblanding før du legger den til side.
  • Nytest helst med ein gang! Eg varma opp litt nutella til å dyppe i.

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg