Vaniljekjeks, ein superenkel basekjeks som kan dekorerast akkurat slik som ein ønsker. No til nasjonaldagen kan det jo være artig å pynte bordet med flagg, kanskje ein kjeks på kvar tallerken? Her er det bare fantasien som setter grenser.
Du treng:
- 200g usalta smør
- 1 egg
- 200g sukker
- 400g mjøl
- 2 ts vaniljesukker
Slik gjer du:
- Bland sammen smør og sukker i kjøkkenmaskinen til det blir mjukt og kvitt. Bruk eit K-element, og ikkje visp.
- Bland inn egg og rør forsiktig.
- Sikt inn kveitemjøl og vaniljesukker
- Bland deigen til ein fast klump, så er den klar.
- Sett den i kjøleskapet i rundt ein time for kjøling. Den blir lettere å arbeide med.
- Kjevle deigen ca 5mm tjukk, og bruk mjøl om den heng fast i kjøkkenbenken.
- Skjær ut flagg og plasser på eit steikebrett. Bruk gjerne linjal for å få dei litt finare enn mine.. Sett brettet i kjøleskap i ca 10 min før steiking, då unngår du at kjeksa mister fasongen sin under steiking.
- Steik på 180 grader i 8-10 min, eller til dei er klare og gyldne i kanten.
- Avkjøl kjeksa heilt før pynting.
Til pynt bruker eg royal icing:
- 500g melis
- 2 eggekviter
- 2 ts sitronsaft
Slik gjer du:
- Sikt melisen i ein bolle og tilsett eggekvite og sitron. Bland godt sammen.
- For å lage ytterkanten/konturene av flagget bruker du denne icingen, men for å fylle inn kan det være lurt å ha ein litt meir rennande icing. Du kan derfor tilsette litt vatn eller konditorfarge for å få den meir flytande.
- Bruk sprøyteposer eller plastposer til å få icingen på kjeksa.
#diy #kjeks #cookies #baking #bake #17mai #17mainrk #nasjonaldag #party #fest #festivitet #hobby #kreativitet
1 kommentar
De var kjempesøte 😀