Fjerde søndag i advent og siste innspurt i julegaver! Kanskje du ikkje er ferdig og treng eit siste tips? Etande julegaver er veldig koselig å få til jul, og ikkje minst når dei er lagt på eit fint og pynta glas. Den siste oppskrifta med julekaker blir Serinerkaker. Dette er heller ikkje kaker eg er vane med å bake heime, men enkle kaker som gjekk rett ned!
Du treng:
- 150 gram mjukt smør
- 250 gram mjøl
- 100 gram sukker
- 1 egg
- 2 ts bakepulver
- 2 ts vaniljesukker
- Perlesukker, hakka mandlar og eggekvite til pensling
Slik gjer du:
- Sett steikeovnen på 200 grader og dekk ei steikeplate med bakepapir.
- Smuldre smøret med mjøl, bakepulver og vaniljesukker. Pisk sukker og egg sammen, og tilsett det i deigen. Rør godt.
- Trill deigen til ei lang pølse og skjær pølsa i like store stykker. Trill deretter kuler av stykkene og sett på bakepapiret. Eg fekk 25 kaker per plate.
- Trykk forsiktig med ein gaffel på kakene, slik at dei blir flate og får riller.
- Pensle på eggekvite og dryss perlesukker og mandlar på toppen.
- Steik kakene midt i ovnen i ca 10 -15 minutt, til dei er gyldne og fine.
- Avkjøl på rist og oppbevar tørt og tett i ein boks.
#idarosslandjul #baking #mat #godtno #matprat #heimelaga #diy #serinerkjeks #jul #serinakake
8 kommentarer
Nam, så herlig! Takk for oppskrift. Ønsker deg en nydelig søndag 🙂
Nam, så utrolig godt ut
Ååå, serinakaker er så godt! og disse var søte<3
Åå, slike er gode 🙂
Karina Larsen: Bare hyggelig! 🙂 fin lillejulaften til deg!
Sofie: Det var det og 🙂
Bergensergenser: Jaa, det var deilig ! 🙂
RebeccaHasselgard: Jaa<3