På fredag blei årets Jentebølge gjennomført av rundt 300 spreke damer i alle aldrar her på Ørlandet. Det var til og med tilreisande folk i frå nabokommunane rundt her med. Vi stilte eit lag i frå jobb, spreke og klare for å gå gjennom løypa. For anledningen hadde vi fått laga oss nåken arige t-skjorter med eit avisoppslag fra tidligare i år. Det passa egentlig veldig bra med tanke på at årets overskudd frå Jentebølgen gjekk nettopp til testikkel- og prostatakreft.
Team Fosna-Folket klare for årets Jentebølge!
Langs løypa hadde Ørlendingane gjort litt ekstra! Hovde Gård delte ut smoothieshot, ein privatperson delte ut frukt, ein gjeng med menn hadde dradd hagemøblene ut i veien og serverte prosecco, også var det denne karen her då
Etter eit vel gjennomført løp hadde vi bestilt bord på Kysthotellet for tapasbuffet. Det var så mykje deilig tapas som eg aldri har sett før, virkelig gjennomført. Eg gler meg allerede til neste år!
Artig
fine bilder
Fine bilder og så kjekt