Helga tok ein heilomvending

Eller det er egentlig å ta fint i.. For på lørdag var planen at vi var ein gjeng på 10-12 stk skulle på båttur ut på Crab island, og deretter heim til Crestview igjen. Eg meinte det var litt mykje vind og at det sikkert kom til å bli bølger og kaldt, men dei andre meinte vi skulle teste likevel. Så når vi kom ned og sku finne båt fekk vi bare beskjed om at alle båtane var utleigd, eller at dei ikkje ville leige ut båtar pga for mykje vind.. Ahh bummer..🙄  Så litt skuffa satt vi oss ned på ein bar og bestilte oss nåken drinkar. Etter ei lita stund fant ein i gruppa ut at han ville sove på Destin den natta og ville finne seg hotell. Eg peika på tull opp på det flottaste hotellet som ligg her og sa “Eg vil bu der i natt eg.” Og slik blei det då at han bestilte og betalte for eit 8-manns rom på stranda i Destin. haha, er det mulig.😅  Men fy søren kor gøy vi hadde det!! Elsker slik spontanitet ✌️ Sjå kor fin utsikt i fra den eine av balkongane vi hadde.

SAMSUNG CSC

Her var då rommet vårt for natta!

SAMSUNG CSC

Du veit hotellet er populært når det er eit eige område tillaga for bryllup… Sjå kor koselig!! 😍

SAMSUNG CSC

Og, eg fekk endelig brukt opp resten av ingrediensane til frozen margarita! Seriøst, det er nåke av det beste som er no når det er varmt! Og dette sette standaren for resten av kvelden! Trur vi var heime på hotellet i 5-6 tida ein gang, og sjekka ut ein gang i 10-11 tida, så vi var rimelig slitne ja! Men sååå verdt det 😎

SAMSUNG CSC

Og søndag, vel eg har aldri sove så godt midt på dagen før 😅  Men, vi kan definitivt krysse det av bucketlisten då; sove på det finaste hotellet på Destin! 😂 ✔️ Båttur kan vi ta ein annan dag!

10 kommentarer

Siste innlegg