Superenkle saftige rundstykker

Altså nam! Kven er det som ikkje liker ferske og varme rundstykker til frokostbordet? 😊  Det beste med desse rundstykka er at det tar totalt 30 min i fra start til du kan smøre pålegg på dei. Og ikkje minst er dei godt mettande, så du trenge bare 1-2 stk, så holde du langt utover dagen. 

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 100g lettkokte havregryn
  • 100g speltmjøl
  • 250g cottage cheese
  • 2 egg
  • litt salt

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  1. Bland alle ingrediensene godt sammen i ein bolle. Bruk litt kraft så cottage cheesen blir litt most.
  2. Deigen du har no skal være litt klissete. Fordel 6 klattar rundt på eit steikebrett
  3. Steik på 200grader i 20 minutt, avkjøl på rist.

Og rundstykka er klare til å nytast med favorittpålegget på. Du kan fint spe på med litt andre typar frø, eller mjøl, alt etter kva du har tilgjengelig. 😊

SAMSUNG CSC

#oppskrift #rundstykker #frokost #student #studenttips #studentmat #matprat #middag #bake #baking #diy 

14 kommentarer

Siste innlegg