Tombstone – ein ekte cowboyby

Hooowdyy! Altså ja.. Eller nei. Vi er ikkje tilbake i Arizona, eg er bare supertreig med å få lagt ut dette innlegget i fra ein tur vi var på i januar(!). Vi er fortsatt i Florida, men det har vært litt overskya i nåken dagar så vi har fått gjort litt inneaktivitetar og komt litt ajour med ting på dataen. Så på grunn av at eg er treig, og har glømt vekk dette innlegget litt så kjem det no. Men bedre seint enn aldri vel? 😅  Eg har lagt ut ein film i fra denne turen vår til Cowboybyen, og den kan dåke finne HER.  

SAMSUNG CSC

Så vidare til eit innlegg fylt av bilder i fra ei helg i cowboyutstyr. For ja, ein kan ikkje ha budd i Arizona uten å ha kjøpt seg hatt eller boots nei, så før vi kjørte nedover til Tombstone så hadde eg og Linda vært på shopping og handla inn. Vegard sku egentlig ikkje ha seg boots, men vi måtte dra kortet når vi kom ned til Tombstone og såg folka rundt. Nei, då kunne ikkje mannen trø rundt i kvite tennissko og cowboyhatt lenger! 

SAMSUNG CSC

Vi kom ned på fredagen litt seint etter at vi hadde vært i Tuscon og sett på atomsiloen (link). Hotell blei booka på veien og vi enda opp med eit rom eit lite stykke utfor sentrum. Vi måtte jo prøve å finne oss nåke å ete og kjørte derfor ned til sentrum. Vel det er lettare sagt enn gjort, då dette er ein by som tydeligvis stenger matservering veldig tidlig! 🙊 Vi enda opp med den einaste restauranten som solgte mat etter kl 20:30, og var egentlig veldig happy med det! (Dette var bare eit lite tips til dåke som sikkert skal reise nedover på sikt. ) Her er utsikten i fra hotellet vårt. Byen ligg med andre ord midt uti ingen plass, og ganske nært Mexico grensa.

SAMSUNG CSC

Tombstone er egentlig ein veldig kjent by i westerntida, og var og ein av dei rikaste byane i Arizona pga sølvgruvedrift. Wyatt Earp er ein av dei kjente westernfolka som budde her, i lag med ein som vart kalla Doc Holliday. I filmen “Tombstone”, så er det desse to som er i fokus i ein veldig kjent “gunfight” utanfor O.K. Corral. 😊 

Boothill graveyard

Lørdagen starta vi på Boothill Gravplassen som ligg litt utanfor sentrum. Her ligg dei aller fleste i fra westerntida gravlagt, og då og alle i frå filmen Tombstone. På døra på dette bygget står det “No guns please, graveyard is full”, altså ; “Vær så snill, ingen pistolar. Gravplassen er full”.😅

På alle steinane stod det navn, dato og korleis dei var drept. Det var ikkje så vanskelig å resonere seg fram til kven av dei som hadde vært i samme kam foråseidetsånn. Når vi var der oppe så begynte det faktisk å hagle og. Tombstone ligger over 1000 moh, så det kan bli litt vær her. ❄️

SAMSUNG CSC

Fasinerande kva som sto på dei forskjellige gravsteinane altså. Denne gravsteinen er visst og kjent i frå filmen.

SAMSUNG CSC

Vidare kjørte vi nedover til sentrum av byen. Og som forventa var det ikkje asfaltert i hovedgata, men brun grus som i cowboyfilmane.🐴  Rimelig tomme gater var det og, siden vi var der i midten av januar. Kan tenke, og håpe, at turismen har tatt seg litt opp no. 

Mangla bare litt bakgrunnsmusikk og ein “tumbleweed” som rulla bortover gata her. 🙊

Kor enn vi gjekk i denne lille byen, passerte vi folk som var kledd i cowboysko, cowboyhatt, pistolbelte, pistol og frakk, damene var ofte kledd i det samme bare i “dameversjonen”.😊  Desse hadde kledd seg opp for å framføre eit show basert på kvinner i cowboytida. Det var altså ikkje slik damene gjekk der nede no.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴

Her var vi å åt lunch på Crystal Palace, ein av dei tre mest kjente saloonane i Tombstone. Her var det livemusikk og mykje liv midt på dagen. Veldig koselig! 🐴

O.K Corral

Det er her skytinga mellom Wyatt Earp, Doc Holliday, Virgil, Morgan Earp mot ein gjeng cowboyar i byen. Det heile seies å være over på 30 sekund, og etterlot seg dei tre cowboyane døde. Desse er då gravlagt på Boothill gravplassen lengre oppe i innlegget.

Igjen, sjå Tombstone filmen så forstår du alt. 😅

Her møtte vi gjengen utenfor i gata før framvisningen. Dette var dei som var good-guys i hendelsen.😊

Bird Cage Theatre

På  lørdags kveld booka vi ein spøkelsestur på Bird Cage Theatre, som var ein kombinasjon av ein saloon, bar, gamling og bordell som var i drift i fra 1881-1889. Dette var ein veldig “classy” plass å få komme inn, så det var så absolutt ikkje billig å kjøpe seg plass ved eit bord eller ein boks (som på bilden under til venstre). Studerer du bildet til venstre litt meir, kan du sjå mange kulehull i taket. Det var med andre ord ofte litt slossing og folk som ikkje var så fornøyde med kvarandre her. Og korleis løyste dei det før? Jo, ofte med pistolen sin. 


Etter omvisningen var det tid for spøkelsesturen.👻  👻   Det er faktisk sagt at dette er ein av USAs mest hjemsøkte plassar, og derfor er det vist og veldig godt dokumentert aktivitet her. Vi skulle no sette oss i ein ring, innerst i  lokalet, skru av lyset og prøve å kontakte dei på “den andre sida”.  Guiden hadde med seg nåken elektromagnetiske målera som ho la på bordet forran oss. Desse målarane skulle registrere varme og energi, og kunne då altså fange opp den såkalla “åndelige aktiviteten” som var i rommet. Åndene som budde her likte veldig godt når vi fortalte vitsar, latter, spelte livlige gamle sangar i fra spotify og slikt. Med andre ord var det heldigvis nåken livlige ånder denne natta. Når åndene likte det som blei sagt så bevega sensoren på måleren seg til orange og grøn, ellers låg den konstant på raud. 😱

Sjølv om vi ikkje trur på slikt, så har du jo veldig lyst på eit tegn eller å sjå nåke bare fordi liksom. Vi satt jo alle veldig spente der! Eg og Vegard satt ved siden av eit par som hadde vært på denne rundturen 5(!) ganger, og dei hadde aldri opplevd så mykje aktivitet før.👻 👻 Dei var supergira og hadde med sin eigen måler og greier. Tok opp lydopptak og prøvde å snakke med åndene. Så etter å ha sete her i mørket i 40 min var det godt å få på lyset igjen. Skal vi tru på det? Vel vi er ikkje overbeviste. Men ei dame som satt nærmest trappa kunne fortelle at ho hadde sett ein skygge av ei lita jente med mørkt hår, og guiden kunne bekrefte at det var eit “kjent spøkelse” for dei.😱 😱  Så etter denne intense opplevelsen måtte vi rett og slett ta turen til Tombstones mest kjente saloon, Big Nose Kate´s saloon. 

Her var det og skikkelig god gammaldags livemusikk, enkel mat, øl og dei fleste var kledd i cowboyutstyr. Vi møtte og nåken andre nordmenn i fra reisefølget vårt, og satt resten av kvelden her. Vi hadde ei heilt fantastisk kjekk helg, og er veldig glade for at vi har fått opplevd denne delen av Arizona med så ekstremt mykje historie rundt seg! Enda ein vellykka tur med eit supert reisefølge 😊

Linda har beskreve så utrulig bra alt vi opplevde den helga, så igjen vil eg ta litt info i fra hennas blogg. Stikk og innom ho for å lese litt meir detaljert, om det er av interesse  😊

SAMSUNG CSC

På veien heim igjen måtte vi faktisk kjøre gjennom grensekontrollen. Dei spørte om vi var amerikanske, og når vi svara at det var vi ikkje så såg det ut som om heile verdenen deirast raste sammen og dei måtte gjere litt jobb. Dei spørte deretter etter pass, nåke som vi sjølvsagt ikkje hadde med. Så sa vi at vi var Norske og viste militærbeviset og fekk kjøre fint vidare heimover til Phoenix. Så, om du kjører nærmare enn 100 miles i fra grensa til Mexico så kan det være lurt å ha med passet sitt. 😊

8 kommentarer

Siste innlegg