🐊 Alligatorsafari 🐊

Tirsdag var utfluktdagen mens Marte og Kjell Kristian var på besøk. 😊  Turen gjekk mot Panama City ca 1,5 time sør i Florida i forhold til her vi bur. Nåke som egentlig har vært på lista vår mens vi har budd her i Florida er å sjå ein alligator i sitt rette miljø, og endelig skulle vi få muligheten! 🐊 Vi stoppa ikkje så langt i fra Panama City for å delta på ein liten alligatorutflukt i ein luftbåt, ja ein slik båt med ei svæææær vifte bakpå.

Vi hadde fått beskjed om å møte ca 30 min før båtturen skulle starte, for å få ein liten runde med “mini” alligatorane dei hadde i hagen. Først gjekk vi litt rundt og såg på dei forskjellige bura, før gruppa samla seg for introduksjon av alligatorane. Ut i frå kontoret kom nemlig ein av dei ansatte med ein liten babyalligator i armane, like lett som om det skulle være ei fredfull kanin ho bar på. Og ja, alle skulle holde! Så det var ingen vei utenom. Eg gleda meg veldig, for vi hadde hørt i fra fleire som hadde vært her at vi fekk lov til det. ​😃

Dei låg heilt  i ro nesten heile tida. For alt eg visste kunne dei like gjerne være skulpturar altså… Heilt til den eine faktisk hoppa i bassenget sitt, då trudde eg på at dei var ekte, haha..

Endelig tid for holding! Denne alligatoren var faktisk like gammal som den over, men pga forskjell i foring med høg proteinholdig mat eller ikkje, så vokse dei forskjellig. Fasinerande! 

Ho som hadde ansvar for alligatoren slapp den laus på slutten og, slik at vi skulle få sjå kva mønster den lagde med halen når den gjekk. Han kunne og gå i trapper, og på bildet under er han på vei inn der han bur. Han kunne jo sjølvsagt veien heim 😏

Happy! Har fått holdt slange, tarantell og alligator her i Usa no. Kva blir det neste 😅

Etter alligatorholding og bilder kjørte vi eit lite stykke til der båten, og kapteinen, sto å venta på oss. Vi var lure og satte oss ikkje fremst i båten, då vi hadde hørt at ein ofte kunne få seg ein liten dusj om ein satt her framme. 😏

Vi kjørte oppover elva i fra West Bay. Guiden vår kunne informere om at herifrå kunne ein ta seg heilt Nord i landet og opp til The Great Lakes på grensa til Canada, med ein Airboat. Fasinerande?

Vi leita jo etter alligatorar eller bare ein liten bevegelse heile tida. Blei jo nesten sliten i augene av det så inntenst vi såg innover i kratta.. Men, guieden visste akkurat kor alligatorane låg.

Nydelig natur vi kjørte i. Selskapet dreiv med kveldsturar og, og då såg dei litt av kvart uti skogen her. alt i fra svære edderkoppar, til vaskebjørnar og brunbjørn. Liiitt usikker på om det hadde vært ein kjekk tur eller ikkje 🙈

På bildet under skal det ligge ein alligator midt på bildet, heilt inne ved skogkrattet. Vi kunne bare sjå toppen av hovudet hennas då, men når vi kjørte båten heilt opp så kunne vi tydelig sjå alligatorbabyane hennas. Og dei var så enormt små! Kanskje 15- 20 cm store der dei svømte rundt i vatnet. Guiden kunne informere om at det budde rundt 5-10 alligatorar i dette området vi kjørte i, og at denne mammaen vi fekk auge på idag hadde vært der i minst 10 år. 😊

Fornøyd gjeng etter alligatorsafari! Anbefales 😊 Etter dette gjekk turen vidare til Panama City Beach! Dette kjem i neste innlegg, dette innlegget er langt nok som det er 🙈

#usa #reise #florida #ferie #iviusa #reiseblogg #reisebloggen #reisemagasinet #tur #fly #safari #alligator #sommer #båt

6 kommentarer

Siste innlegg