DIY: Papirbilde

Eg er litt usikker på ka eg skal kalle dette, men det er vel eit heimelaga “skjær-ut-bilde”. Eg såg denne ideen på pinterest, og mulighetane er så store! Eg såg jo for meg at eg skulle lage eit stort bilde som skulle henge over sofaen, men det blir nok ikkje med det første foråseidetsånn… Å lage desse bilda tar faktisk overraskande lang tid, og er ein tolmodighetstest utan like. Ein må passe på så mykje, også skal det jo bli fint til slutt og! Vel, eg har ikkje heve meg på nåken større prosjekt enn bokstavbilde, enda.  Desse er jo ypperlige til barnerom, og då som dåpspresang. 

Du treng: 

  • Kniv (kjøpte min på Clas Ohlson. Dei har på Panduro og )
  • Ramme (Clas Ohlson)
  • To forskjellige farga papir (kjøpt kvadratiske på Panduro)
  • Underlag til å skjære på
  • Gråblyant
  • Viskelær
  • Linjal

Slik gjer du:

  • Skiss opp vinklar i hjørnene ca 2 cm fra passepartouret. Slik får du bildet sentrert i ramma og passepartouret.
  • Skiss opp figuren/ bokstaven
  • Så er det bare å begynne å skjære ut trekantar! Pass på at det skal være litt mellomrom mellom alle trekantane. 
  • Vær forsiktig, ikkje kutt gjennom mellomromma..
  • Visk vekk blyanten og tape arka til passepartouren. 
  • Ferdig!

Under er det nåken bilder til forklaringen:

#diy #hjemmelaga #papercut #papirkutting #personlig #dåpsgave #morogbarn #rom123 #interior #bilde #design #gjørdetselv

DIY: Drømmefanger

Eg har laga meg ein drømmefanger. Det var egentlig veldig enkelt, alt du treng er litt tålmodighet (om du gjer det på samme måte som meg).. Denne er faktisk den einaste interiørdetaljen eg har som er svart, og eg synes faktisk den passer godt inn likevell. Kanskje det blir meir svarte detaljer rundtom..? 🙂 

Du treng:

  • 1 broderingsring (kjøpt på Ebay, der var den mykje billigare enn her heime)
  • bommulstråd
  • perler
  • fjær
  • superlim

 

Slik gjer du det:

  • Start bare ved å lime fast eine enden  på tråden i ringen og surr tett rundt heile. Dette tar tid…
  • Knyt deretter mønsteret ved å surre tråden rundt.
  • Fest perlene og fjær med lim.

#di#gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2 #drømmefanger #drommefanger

Innlegget mitt er i AFTENPOSTEN!

Rett før sommaren fekk eg ein mail fra ei koselig dame i Aftenposten/ Schibstedt. Ho hadde komme over bloggen min og ønskte å publisere nåken av DIY-innlegga mine i dei forskjelige nettavisene deira. Dette var jo egentlig bare utrulig gøy, så dette sa eg jo klart ja til 🙂 Klikk på bildet under for å komme fram til artikkelen.  HER er orginalinnlegget.


Her er andre nettsider artikkelen er publisert i: fv.no/bolig , aftenbladet.no/bolig , bt.no/bolig , adressa.no/bolig . 🙂

#bygg #bord #stuebord #uterom #stue #byggdetselv#side2 #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips #hverdagstips #aftenposten #boligoghjem #aftenbladet #coffeetable #coffetable #stovebord #hjemmelaga #avis #nettavis #publisert 

Oppussing: Nytt kjøkken

 

På det året vi har budd her i leiligheten så har eg pussa opp stova og badet. Det siste som gjensto no var det triste kjøkkenet vi har hatt.. Gult, slitt og utdatert.. Eg kvinna meg opp ein dag, handla maling og satte i gang. Det heile var egentlig gjort på ein dag! 

 

Slik gjorde eg:

  • Ta ned skapdørene og legg dei horisontalt slik at det ikkje malinga renn når den tørkar.
  • Vask skapdørane godt med salmiakk.
  • Puss lett over med fint sandpapir og tørk vekk støvet.
  • Rull over med eit strøk med Jotun Heftgrunning og bruk ein fordriver (ein brei pensel) til å stryke over etter rullen.
  • La det tørke og puss lett over med fint sandpapir.
  • Ta deretter to strøk med LADY Supreme Finish Halvblank og bruk fordriver her og. 
  • Pass på at det tørkar godt mellom kvar av strøka. 

Tips:

  • Til desse kjøkkenskapa så brukte eg maks 1 liter Heftgrunn og kansje 2 liter med LADY Supreme Finish. 
  • Eg mala og veggen bak i samme farge som resten av spisestova.
  • Handtaka har eg faktisk bestilt på Ebay! Der fekk eg 22 stk til den nette sum av 171 kr(!). Skulle eg ha kjøpt dei på IKEA så hadde dei kosta 49 kr for to stk. Snakk om kupp! Du kan finne dei HER
  • Sjekk gjerne ut denne filmen her for tips! 

FØR:

ETTER:

#DIY #Gjørdetselv #hjemmelaga #GDS #kjøkken #oppussing #jotun #klikk #maling #føretter #før #etter #nytt 

DIy: enkle armband!

Makrame er jo veldig inn i tida no mot sommeren. Mange flotte fargerike armband mot sommerbrun hud er så kukt. Koffor ikkje lage dei sjølv, det er jo ekstra gøy 🙂 Eg har bare laga to stk no, og dei er jo ikkje akuratt så fargerike, men dei blir i alle fall brukt 😉

Å knyte makrame er enkelt og gøy. Det kvite armbandet laga eg mens Vegard lagte seg kveldsmat, så ca 15 min! Søk på makrame for mange fleire knytevariantar 🙂

Diy: makrame hengepotte

Eg har i lenger tid hatt lyst å ha båke i dei store tomme vinduene våre.. For to veker siden var eg og Mona på loppemarked og der fant eg denne fine hengepotta til den nette sum av 5kr! Eg er fortsatt heilt i ekstase over kuppet, då pottene ligge til 100-200kr på nett. Potta var veldig fint, men taua som følgte med var ikkje så fine, så eg knytta meg nye med macrameteknikken! Det var jo så enkelt 🙂

Tadaaa! Kult eller?

 

#di#gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2

DIY Bleiemotorsykkel

For ei god stund siden, i sommar, var eg på babyshower hos ei veninne av meg. Eg fant ut eg ville lage ei bleiekake, men ikkje ei vanlig ei. Pappen til babyen har motorsykkel, så derfor blei dei ei bleiemotorsykkelkake! Det var faktisk ikkje noko hokkus pokkus, og eg vil sei meg fornøyd med resultatet. Det var i alle fall den nye mammsen og pappsen 🙂

Du trenge 1-2 pakkar bleier, tåteflaske, strikk og klutar/handkler. 

Eg starta med å lage “innmaten” i hjulet. Til det brukte eg fire bleier som eg snurra sammen. 

Etterpå la eg 15 bleier på ei rekke og rulla dei rundt innmaten som eg laga først. Og festa alt med ein strikk. Dette blir hjula, så eg laga to stykker.

Så var det bare å festa alt sammen til ein motorsykkel. Flaska blir brukt som lyslykt og styre. Sokkane strikka eg og til ho 🙂

Tada!

<3

DIY: Øyredobber

Igår lagde eg meg nåken nye øyredobbar før vi for ut! Har lenge tenkt på å lage slike, men har aldri fått gjort det. Det er jo så enkelt, også tok det meg maks 10 min å lage eit par! Enkle og fine 🙂

Alt av utstyr får du kjøpt på hobbybutikkar som Panduro eller på nett 🙂

DIY: Personlige julekuler

Til jul laga eg litt forskjellige julegaver sjølv. Eg like å tru at alle er gla for heimelga gaver 😉 Så ein kveld eg satt å såg på instagram så kom eg over ei som hadde dekorert julekuler sjølv! Eg tenkte at det hadde eg aldri gjort før, så det måtte jo gå fint 🙂 Dagen etter var eg på hobbybutikk å fekk tak i blanke julekuler, glitter og decopagelim!

Kvelden kom og spisebordet vårt såg sånn ut… Kaso! Det blir alltid kaos når eg finne fram den kreative sida av meg 🙂

 

Eg begynna med å dekke heile kula i decopagelim og dryssa glitter over og lot det tørke. Så klippa eg til bildene, som eg hadde kopiert ut på vanlig papir. Tok lim under og klistra på kula. Deretter dekka eg heile kula med decopagelim slik at glitter og bilde satt fast! Så limte eg bare på ein piperenser med limpistol og vòila!

Ein kan og dekke kula med td. serviettar i staden for glitter. Då bruker du kun det laget i servietten som har mønster, og erstatter den der glitteret blei brukt 🙂 Då er jo mulighetane uendelige!

#diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2

Nytt speil

Igår fekk eg med meg ei speilramme fra jobb. Det var ikkje lenger speil i den, så den skulle uansett kastast. Eg sa med eit nei, for det kunne jo ikkje koste så mykje å få nytt speil inni? Og idag rundt 12 tida satt eg og maila med Vågsbygd glasservice, og henta eit spesialskjært speil kl 15!! DET kan eg kalla service det. 🙂 Så idag har vi fått oss eit stort og flott speil i gangen. 😀 

Voilà!

 Speilet er rundt 2 m høgt og 80 cm breitt. Med andre ord, ein ganske stor møbel. Men det var slik eg ville ha det. Det måtte bli eit speil som sto på gulvet, med tanke på at veggen bak er av betong, og det å henge opp noko speil der ville vore uaktuelt. 🙂