DIY: pompoms / dusk

Etter at eg la ut oppskrifta på Mariushua så har eg fått ein del tilbakemeldinga på korleis eg laga dusken i toppen. Eg huske eg lagte mange slike med mamma når eg var mindre, så dette satt heldigvis friskt i minnet mitt 🙂

Det er enkelt, bare følg min “steg-for-steg” under her. 

SAMSUNG CSC

1. Klipp ut to like store sirklar og klipp hull i dei.  Mine er 5 cm i diameter og hullet er ca 1 cm. Den passar perfekt til ei lita hue. Skal dusken være større, lagar du bare ein større sirkel. 

2. Legg dei mot kvarandre med hakket på motsatt side. Gjer klar ein mengde med tråd på nåla. Eg har lagt den dobbelt to ganger. 

3. Begynn å tre tråden gjennom papp-ringane, prøv å spre fargen utøve og dekk pappen. Blir du tom for tråd, så finn du bare meir. 

4. Skal du bruke fleire fargar, så kan du gjere det og. Pass bare på å ha nok tråd, det skal være trangt å få nåla gjennom dei siste gangane. Klipp av nåla.  Du treng ikkje knyte tråden fast.

5. Klipp forsiktig opp langs kanten. Prøv å komme mellom pappbitane for å få det beinast mulig.

6. No har tråden spredd seg, og det ser ut som ein ball. 

7. Lag ei løkke med tråden du skal feste med. 

8. Snurp tråden mellom pappbitane, og knyt godt til.

9. No kan du fjerne pappen, og dusken er ferdig! Friser den gjerne litt, om den er skeiv. Dette er bare sjarmerande. 

SAMSUNG CSC

Den gjer det lille ekstra, gjer den ikkje? 🙂

SAMSUNG CSC

 

#diy #marius #mariuslue #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk 

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #tips #triks #dusk #pompom 

 

6 kommentarer
    1. Åh, slike husker jeg jeg laget på SFO, minner 😀 Håper du har en flott dag! Feel free til å ta en titt innom bloggen min og følge den 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg