DIY: Lag dine egne gelenegler

Stellte negler er så fint. Eg har hatt akrylnegler nesten heile tida fra jul til august i år, men siden eg har lagt dei på heime så har eg ikkje hatt mulighet til å gjere det no. Eg synes egentlig det er for dyrt å gå å legge akryl- eller gelnegler til 900kr ein gang i mnd, så eg hoppa av glede då eg såg dette settet med gelenegler til kun 169 kr! Og det beste av alt, det var like enkelt å legge på som eg hadde håpa på. 

 

Du treng:

  • Gellack kit (169 kr på Cubus)
  • Neglelakkfjerner

 

Slik gjer du:

  • Start med å vaske negla dine godt for å få vekk alt fett.
  • Skyv bak neglebanda og puss negla til ein fin form.
  • Finn fram negletuppane som passer til kvar negl. Her er det viktig at tuppen ikkje blir for stor eller for liten.
  • Puss forsiktig oppå negleflata slik at den blir ru. Vask deretter negla i neglekakkfjerner igjen.
  • Lim på tuppane. Ver forsiktig så du ikkje henger fast. Pass på at tuppen sitter godt i kantane og. Eg anbefaler at du limer på tommelane til slutt.
  • Knekk av den delen som henger fast i nagla. Eg pussa tuppane litt ned, då eg syns dei var litt vel lange.
  • Deretter skal du pusse forsiktig i overgangen mellom tuppen og din ekte nagl. Ikkje puss på din nagl.
  • Så skal di i gang med støypinga. Legg et tynt lag med støyp på nagla og tuppen. Pass på at du ikkje får støyp på neglebandet, då vil det ikkje sitte så godt. 
  • Etter et strøk med støyp, skal du ha ein spray spray. Pass på å ikkje spraye fleire ganger, då kan det sprekke.
  • Gjenta med støyp og spray ein gang til.
  • Puss deretter over med bufferen, og voila! Du har nye glinsande og lange negler til under 100 kr!

Skal du lakke negla etterpå, anbefales det å  bruke bunn- og topplakk.

 

Det var ikkje så lett å få eit ok-fint bilde av dei, men resultatet blei egentlig ganske bra! Ringfingen ser litt klumpete ut, siden det er strødd glitter på den (som ikkje viser på bildet…) Øvelse gir mester, eg får prøve igjen!

#diy #negler #gelenegler #gele #skjønnhet #mote #gjørdetselv

16 kommentarer

Siste innlegg