Påsken er rett rundt hjørna, og for oss her borte betyr det besøk! Heile familien til Vegard kjeme på påskeferie til veka, og vil gler oss stort! Dei siste vekene har vore litt stressande, og eg har hatt mykje å gjere kvar dag. Det er mange å sei hadet til og mykje å få med seg dei siste dagane ein bur ein plass. Midt oppi dette kaoset har eg sjølvsagt klart å pressa inn ein del hobby og! Eg trur det er når eg har mest å gjere, kreativiteten bobler og er bare må finne meg tid til det og. Det var nok min måte å bare utsette kjedelige flytteplikter på 😅 Denne DIY er veldig kjapp å lage, og kan fint gjerast i lag med ungar om ein ønsker! 🐥
Du treng:
- Tråd. Gjerne litt tjukk ulltråd, så kyllingen blir fluffy.
- Saks
- Nebb (Eg brukte ein bite filt. Kan og tegnast på)
- Auger (Kan og tegnast på)
- Ein liten pappbit
Slik gjer du:
- Surr tråden rundt 4 fingrar for kroppen og 3 fingrar for hovudet.
- Knyt ein tråd stramt rundt midten.
- Klipp opp trådane, slik at du får ein ball.
- Friser pompomane ned, slik at dei blir jevne og fyldige
- Bruk eit godt lag med lim for å feste ballane på kvarandre. Lim og på ein liten pappbit/ på undersida. Påskekyllingen blir då meir stabil.
- Klipp ut eit nebb av filt, og lim eller tegn på auger. Litt skeive auger er bare sjarmerande!
Eg syns dei egentlig blei veldig sjarmerande eg.🐥 Super enkle og billige å lage er dei og. Perfekt helgesyssel med ungar! Mulig dei er i litt enklaste laget for oss voksne å lage og å ha framme, men dei gjere jo absolutt nytten sin dei få dagane påsken er. Sjarmerande er dei! 😊
#diy #heimelaga #gjørdetselv #hjemmelaget #kreativ #kreativitet #interiør #inspirasjon #hobby #gds #byidarossland #idarossland #diymamma #barnoghobby
Nei så søtt!
Åå, så utrolig søte 😀
🐴🌹🎉😉💕
søte:)
Haha så cute! :)) Du er skikkelig kreativ. Så artig 🙂
Så søte de var!
Så søte 😀
Lilli: Takk for det 🙂
Maren S. Helgemo: Tusen takk for det snille 🙂
LilleMilly: hihi, ja dei var jo litt sjarmerande då :p Og i alle fall når eg pakka dei opp i fra flyttelasset no, augene stod til alle kanter :p
liveterherlig93: Takk for det 🙂 ??
TINANNA: Så kjekt at du syntes det 🙂
Anonym: hihi, takk 😀 <3
Så søte!!
Nora Piscopo: hihi, takk snille!
De er så søte jeg skal lage etterpå!!
Så gøy! 😀 Veldig søte!
neimenn så skummellt