Bodødag

Ahh, endelig ein dag eg fekk sova ut. Bare sjå kor lykkelig eg var når eg innsåg at eg hadde sove til kl var 11:30! Det var nemlig ikkje vanlig tidlig flygning idag, noko som betydde rolig start på dagen. Vegard sa det hadde vært ein scramble kl 10:30, men kroppen min må ha vore i koma- for det har ikkje eg fått med meg :p 

Vi har og pakka i bilen idag, huff det blei fult. Bare vinterdekka tar jo heile bagasjerommet, så det blir trangt. Får bare håpa vi ikkje treng å overnatta i bilen på vei nedøve. For nokon plan, det har vi ikkje! Etter vi hadde sett Frankrike – Tyskland spelte vi Frisbee-golf. Dette er visst nok som er veldig populært her i Bodø, det er jo i alle fall tre banar her i byen. Det var egentlig heilt greit, ikkje noko meir eller mindre. Egentlig eit drittspel når eg kasta frisbeèn i skogen… Det beste med det heile er vel at klokka nærma seg midnatt når desse bildene blei tatt. Midnattsola her er so fantastisk. Eg er heilt fasinert. No, klokka 01:30 er det like lyst som midt på dagen! Fantastisk fint!


Fine Nord!

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg