F-16 og Seaking

Idag har vore ein spennande, men slitsom dag. Heile flystasjonen, og meg, var på tur til eit fjell her i Bodø som heiter Skaugtuva. Motivasjonen var at det var grilling og ein overraskelse på toppen. 🙂 Overraskelsen hadde jo dei fleste på stasjonen funne ut på forhand, så det vart vel meir ein motivasjonsfaktor når svetten rann i den første bratte bakken. Altså, til å vere eit fjell på bare 600 m, så var turen ganske så tung sidan det var rett opp i ein time, før vegen bortover starta. Været var uheldigvis ikkje heilt optimalt, så bildene blei deretter.. :/ Det var i allefall ein fin opplevelse! 






Topptur 1248 moh

Ahh, for ein fantastisk slutt på påsken! I går var eg med Marte, Anita og Endre opp til Ulvanåso på ski. Der har eg ikkje vore siden eg var 11 år, så det var på høg tid med ein topptur der igjen. Me brukte totalt 6 timar opp og ned, med gode pausar både på toppen og halvegs. Vi tok oss til og med tid til både påskequiz og eit slag med kortspel på toppen. Idag er eg overraskande lite støl i kroppen, men rundt hoftene kjenner eg godt at eg har bert ein sekk i 6 timar… Ventar bare på blåmerka! Eit bildedryss av turen og den flotte naturen:

Årets Kvikklunsj-reklame!

Her peiker eg på Vegard :p Han kunne jo ikkje vere med, han satt heime og bare måtte lade opp til United-kamp..

Godjento! <3

“Familiebilde” på toppen 😉

Godt besto ikkje visste kor langt utpå eg var ^^, :p

Godt me ikkje sku utpå dei skavlane der.. Veit godt kva som er på andre sida..!

Takk for ein nydelig topptur! 😀

 

nBxlIERZM1
 

Ein liten video har vi og 😀

 

#fjellfie #påske2014 #Kvinnherad #kvinnheringen #turistforeningen #fjell #ski #topptur

Femfjellsturen!

13 år siden sist og eg har endelig fullført femfjellstrimmen i Rosendal igjen! Var ein god følelse å kunna levera kortet når alle klippo var gjort:) Ein nydelig sommar i fjella i Rosendal 🙂

Melderskin 1426moh med Mari Ann:)

Skeisfjell 1037moh og Nuten 890moh med Vegard:) Då me skulle nedøve igjen begynte det å regna og tordna nåke ekstremt! Fekk plutselig mykje energi og sprang fort nedøve!

Nordlifjell 972moh og Skålafjell 501moh med Truls 🙂

#rosendal #kvinnherad