Stader eg vil besøke i Norge

Etter å ha vært ein del på reisefot i USA så kjenner eg på det at eg har lyst å reise litt meir i Norge og. Eg har vært heldig og har gjennom oppveksten fått reist og opplevd ganske mykje av Norge, men ein kan vel ikkje få nok, kan ein? 😉  Her kjem i alle fall mi liste over stader eg har lyst å besøke i Norge:


Lofoten

Eg har lyst å reise på fiskeferie i Lofoten og bu på ei rorbu der eg kan gå rett ut på brygga om morgonen i bare morgenkåpe!

Tromsø

Kva som er årsaken til at eg vil besøke Tromsø anar eg ikkje, men eg ser for meg at det kan være ein fin by. Dessuten blir den vel ikkje kalla Nordens Paris for ingenting?

Nordkapp

Bare fordi det er Nordkapp vel?😅

Trollstigen

Å snirkle seg oppover her må jo være ein draum for alle tilreisande, både norske og utenlandske. Eg har i alle fall lyst å kunne nyte denne utsikten ein gang. 

Atlanterhavsveien

Denne veien har eg vel egentlig mast om siden vi kjørte i fra Bodø og sørover i 2014(?). Det blei ikkje den gangen, og det blei heller ikkje no når vi kjørte til Trøndelag i sommar. Kanskje vi heller må ta det som ein helgetur til Molde eller Kristiansund? Opp med hånda om vi kjenner nåken som bur i området då!

Bildene er henta i frå Google. 

#reise #norge #norway #ferie #steder #reisemagasinet #

30 kommentarer

Siste innlegg