Willums selebukse

Eg har jo fått heilt dillo på å strikke babyklær. Og nei, det er ingen spesiell grunn til det, anna enn at det går så ekstremt mykje fortare å strikke enn barne- og voksenklær. 🙂 Og når ein blir fort ferdig og får kjappe resultat, då kan ein stare på nye prosjekt. Favoritten min!

Denne selebuksa strikka eg til den ufødte babisen til Mona. Bare sjå kor fin bodyen og fargen på selebuksa var i lag. Knappane er dei samme som eg alltid brukar på babyklær, fine treknappar i frå Ebay, med teksten Handmade With Love på. 

Info:

Størrelse: 2-4 (4-6) 6-9 (9-12) 12-18 (18-24) mnd

Garnmengde: 150g (150g) 150g (200g) 200g (250g)

Garn: Merinoull fra Sandnes, strikkefasthet 22/10, farge Jeansblå 6052. Du kan og bruke Drops Merino Extra Fine på pinne 3,5 og 4.

Pinne: Settpinne 3 og rundpinne 40cm  3,5

Knappar: fra Ebay HER. 100 stk til 23 kr. Eg har kjøpt alle tre størrelsane, men bruker helst 20 mm til barneklær.

Har du strikka denne selebuksa? Evt kva garn har du brukt? 😀

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

Siste innlegg