DIY: Restegarnslue

Nåke så enkelt som ei oppskrift på ei heilt enkel hue har eg ikkje klart å funne fram enda. Eg likar godt å ha oppskrift å følge når eg strikkar, siden eg har gått på nåken bommertar foråseidetsånn… Så her kjem rett og slett ei super enkel oppskrift på ei strikkahue til voksne og store barn 🙂

Slik gjer du:

  • Legg på 100 masker på pinne 3.
  • Strikk vrangbord, 1 r og 1 vr, i ca 12 runder.
  • Bytt til pinne 3,5 og strikk rundt i 18 cm. Det er her du kan bytte på fargane om du ønsker.
  • Start felling. Fell slik: strikk 8 rett, 2 sammen, 8 rett runden ut. Strikk neste omgang rett. Fell på neste omgang. *7 rett, 2 sammen * snurp sammen når det er ca 18 masker igjen

Bruk akkurat dei fargane du har tilgjengelig! Eg gjekk for nåken skikkelige “gladhuer”, og brukte opp ein del av det sprekaste garnet mitt som eg kun hadde eit nøste av kvar farge. 🙂

 

#diy #strikk #kreativ #hobby #restegarn #hue #lue #strikke #hobbygruppa #diymagasinet

#rom123 #smartgarn #sandnes #sandnesgarn  #heimelaga #hjemmelaget 

Oppskrift: Delfiakonfekt

Delfiakake er ein liten favoritt hos folk rundt meg i jula. Farmor til Vegard lagar alltid delfiakake, og den blir verna godt om og nøte til det ytterste av dei som får tak i ein bit. For meg blir delfiakake litt for mykje, så eg tenkte då at kanskje delfiakonfekt kunne være noko. Som tenkt som gjort, og i fjor blei delfiakonfekt pakka inn under treet til fleires store glede. Kanskje dette kan være ein fin gave som besteforeldre, foreldre, onkler kan sette pris på? Alle sett jo ekstra pris på heimelaga julegave!😊

Du trenger:

  • 2 plater kokesjokolade a 125 gram
  • 4 ss sterk kaffe
  • 1 pk Delfiafett 250 g
  • 2 egg
  • 2-3 ss sukker
  • Litt marsipan, 1 pose seigetopper og litt valnøtter til pynt.

 

Slik gjer du:

  • Smelt sjokoladen i kaffien ved svak varme
  • Smelt delfiafettet ved svak varme og avkjøl
  • Visp eggedosis av egg og sukker, tilsett sjokoladen og visp deretter godt.
  • Tilsett delfiafettet litt etter litt mens du visper. 
  • Visp godt slik at røra blir jevn og fin.
  • Kutt opp seigetoppene, valnøttene og rull små baller av marsipanen
  • Ha delfiarøra i ein spøytepose og fordel delfiarøre og pynt i konfektpapiret. 
  • Oppbevares kjølig og nytes når du vil! 🎄

Oppskrifta finne du og bak på Delfiafett-pakken. 

 

#konfekt #oppskrift #diy #godteri #kake #bake #baking #delfia #jul #christmas 

ENDELIG!

Endelig er det sosialt akseptert å gå i julegenser! Eller er det det forresten..? 😅 Er du komt i gang med julegavene enda? Kanskje du er ferdig? Her i huset er vi ikkje akkurat klare, men vi har jo tross alt 24 heile dagar igjen til å ordne det på. Med litt ekstra førjulskos og hygge så ordner det seg alltid 🎅 Ha ei nydelig førjulstid 🎄 Ps: bildet er i frå i fjor. Eg er ikkje blitt brunette igjen.. 😅

#christmas #christmassweater #julegenser #jul #advent #ferie #gaver