DIY: enkel restegarnshals til barn 1-3 år

Det blir fort eit lager av restegarn når ein strikkar så mykje som eg gjer.. Og i staden for å kaste det (kaster ikkje tråd), så fant eg ut at eg skulle strikke ein hals, for det er alltid godt å ha ein hals liggande!

Eg veit og at det er mange som sitt rundt med restar av merino, sunday, tynn merino, så tenkte kanskje det var andre som kunne få brukt for denne oppskrifta og. Her kan ein jo strikke akkurat kva mønster ein ønsker, men eg har valgt å strikke ein hals med perlestrikk i sidene og rettstrikk framme. Enkelt og fint, og i alle fall når eg skulle ha inn striper med forskjellige fargar.

Her kan du feks bruke drops merino ekstra fine (enkel tråd), merinoull sandnes (enkel tråd), double sunday (enkel tråd), sunday (dobbel tråd), tynn merino sandnes (dobbel tråd), baby merino drops (dobbel tråd), Drops Flora (dobbel tråd) osv.

 

Eg har brukt:

  • Rundpinne 3,5 mm 40 cm
  • Rundpinne 3,5 mm 60 cm
  • 67g sunday (strikkes dobbelt)
  • Saks og nål

Slik gjer du:

  • Legg opp 80 masker laust på pinne 3,5mm 40 cm. Strikk 2 rett, 2 vrang i ca 13-14 cm, eller ønska lengde. Bruk gjerne to pinner til å legge opp på.
  • Sett 40 av maskene øve på pinne 60 cm, du skal no strikke vidare på den.
  • Strikk ut pinnen og legg opp 7 masker i forlengelse av arbeidet. Dette skal bli skuldersømmen. Strikk rett heile veien tilbake (eller vrang, alt etter om du er på rettside eller vrangside av arbeidet).  Og legg opp 7 masker i enden av pinnen. Du har no 54 masker totalt på pinnen.
  • Første og siste maske på pinnen er kantmaske. Ta alltid første maske av uten å strikke den og strikk alltid siste maske rett.
  • No skal du starte på mønster, det skal strikkes perlestrikk på dei 4 siste og 4 første maskene  (ikke tell med kantmaskene).
  • Ta første kantmaske av som du ville strikka vrang. Strikk 4 masker slik: 1 rett, 1 vrang, 1 rett, 1 vrang og rett ut pinnen til det er 5 masker igjen. Strikk dei fire neste maskene 1 rett, 1 vrang, 1 rett, 1 vrang. Strikk siste maske rett.
  • Snu arbeidet, ta av første maske, strikk motsatt av det dei neste 4 maskene viser. Slik får du perlestrikk i sidene. Strikk vrang til du har 5 masker igjen på pinnen, og strikk dei 4 neste maskene i perlestrikk. Siste maske strikkes rett.
  • Gjenta omgangene over med perlestrikk og rett på rettside og vrang på vrangside til du har strikka framsida av halsen ca 12-13 cm.
  • Strikk 6 omganger perlestrikk nederst over alle maskene, fell laus av slik maskene viser.
  • Strikk bakstykket på samme måte.
  • Sy sammen skuldersømmene fra vranga, slik at det blir ein fin kant.
  • Sy fast alle trådane

 

Forslag til alternative mønster på forstykke og bakstykke:

  • Rettstrikk (vrang på bakside). Halsen kan lettere rulle seg om det ikkje er nokon “kant” rundt, men den varmer like godt 🙂
  • Perlestrikk over heile
  • Dobbel perlestrikk over heile
  • Rillestrikk (kun rettmasker på kvar pinne, att og fram)
  • Ein kombinasjon av rett, riller og perlestrikk

Her er det bare fantasien som setter grenser. 🙂

 

På denne stripete halsen eg har laga har eg brukt følgande tråd:

  • Kvit Drops Flora: usikker
  • Blå Sandnes Sunday: usikker
  • Grønn Sandnes Sunday: 12 gram
  • Rosa Sandnes Sunday: 9 gram

Har du fleire spørsmål kan du spørre meg på Instagram. Ser fortare meldingar der. @byidarossland 🙂

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg