DIY: Ny lampeskjerm

Under coronanedstenging/ karantene i mars 2020 pussa eg opp gjesterom/ tv-stova og då passa ikkje den gamle kvite IKEA-lampen vår inn der lenger. Eg spraya derfor foten i matt svart og trekte om lampeskjermen til eit friskt nytt stoff, og voila! Ein råkul lampe til ein slikk og ingenting! Passa den ikkje bra til den nye fargen på veggen? Kanskje eg skal få legge ut oppussing av gjesterommet og når eg først er i gang😊

Du treng:

  • Lampeskjerm
  • Stoff
  • Tusj
  • Saks
  • Lim

Slik gjer du det:

  • Rens lampeskjemen for unødvendig stoff, om du har det på din. Eg klypte av det ytterste laget på min, slik at eg kom inn til den “slette” skjermen.
  • Legg lampeskjermen på vrangsida av stoffet.
  • Samtidig som du ruller lampeskjermen over stoffet, tegner du opp ein strek som viser omrisset av lampeskjermen når den er flat.
  • Klypp ca 1-2 cm utanfor streken.
  • Lim stoffet på lampeskjermen med lim. Eg brukte limpistol og limte litt og litt av gangen.
  • Brett ned kantane på topp og bunn og lim dei og inn. Pass på å stram godt.
  • Eg har og spraya foten med matt spray for at den skulle passe inn på rommet.
  • Vipps så enkelt!
0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg