Kva er vel bedre enn ein skikkelig fargerik middag på ein regntung mandag? Bare sjå alle dei fine fargane her då😍
Eg serverte det slik som på bildet her. Så laga vi rullane sjølv mens vi satt med bordet. Ein kan og lage rullane klare før servering ☺️
Du treng: strimla grønnsaker som feks gulrot, paprika, agurk, vårløk, mango, rødkål, eple, avokado og koriander. ~ Strimla kyllingfilet krydra med salt og pepper. ~ Peanutsaus, hoisinsaus, ponzusaus eller anna saus. ~ Og sjølvsagt ferskt vårrullpapir/ rispapir.
Peanutsaus lager eg slik:
- 1 dl kokt vatn
- 0,5 glass med peanutsmør
- Hoisinsaus etter smak. Du kan og bruke soyasaus.
- Saften av 0,5 lime
Varm opp i ei panne til sausen tjukner.
Ponzusaus (oppskrift her)
- 1/2 dl soyasaus
- 1–2 ss revet ingefær
- 1/2 chili
- 1 neve koriander
- 1 ts sirup/honning/sukker)
- Saften av 1/2 lime
Bland sammen og la det stå litt så smakane sette seg godt. Denne sausen er litt sterk, så du kan fint droppe frøa i chilien. Smak deg litt fram. Eg måtte ha meir soyasaus i for at det ikkje skulle bli for sterkt.
Detetter er det bare å dyppe rispapiret i vatn, fylle opp papiret med deilige ingrediensar og brette sammen som instruksjonen på pakken seier. Det kan være litt vanskelig i begynnelsen, men øvelse gjer mester 😊
Matprat har laga ein fin instruksjonsvideo her: