Oppskrift: Focaccia

Focaccia er eit deilig og saftig brød som er supert å servera til tapas, supper eller som snacks. Det fine med focaccia er at ein kan toppe det med så utrulig mykje forskjellig godt, slik at brødet kan variere i det uendelige!

Du treng:

  • 1 liter vatn, 40 grader
  • 1 pk tørrgjær
  • 1,5 ss salt
  • 1,5 ss sukker
  • 1,5 dl rapsolje
  • 1,3 kg kveitemjøl
  • Valgfri topping som soltørka tomater, oliven, fetaost, havsalt, urter

Gjer slik:

  • Finn fram 1 liter lunka vatn og tilsett gjær, sukker, olje og salt. 
  • Bland saman og tilsett mjøl og bland deigen godt saman. Deigen skal ikkje være for fast, men klissete i konsistensen. 
  • La deigen heve i ca 30 min. 
  • Legg deigen i ei langpanne, ta olje på henda og glatt ut deigen. 
  • Bruk ein gaffel til å stikke mange hol i deigen og strø på toppingen.
  • No skal du la deigen heva til dobbel størrelse.
  • Steikast på 220 grader i ca 15 min, midt i ovnen. 

 

Oppskrifta er fra Elins matgleder

 

#focaccia #tapas #oppskrifter #matglede #middelhavet #brød #godtbrød

8 kommentarer

Siste innlegg