Tapas: Albondigas / Spanske kjøttboller og tomatsaus

Ein sjølvskriven rett på tapasbordet er Albondigas eller Spanske kjøttboller med tomatsaus! Desse kan ein jo og servere med spagetti til bolognese.

Du treng:

  • 500 g kjøttdeig / karbonadedeig
  • 1 Egg
  • Litt mjelk (ca 0,5 dl)
  • 1 finhakka liten løk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • Strøkavring eller 2 skiver loff (utan skorpe)
  • 3 ss riven parmesan
  • Litt riven Muskat
  • 1 ts Salt
  • 0,5 ts Pepper
  • evt litt hakka persille

Slik gjer du:

  • Bland kjøttdeig, løk, kvitløk, chili, egg, loff og mjelk godt saman.
  • Tilsett krydderet.
  • Ha kaldt vatn i ei skål. Fukt henda og form små bollar med ei teskjei.
  • Steik på middels varme i ei steikepanne. Bruk enten smør eller ei nøytral olje. 

 

 

Spicy tomatsaus:

Du treng:

  • Litt rapsolje
  • 1 finhakka liten løk
  • 1 boks hermetiske tomater
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • 1/2 ts tørka timian
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts pepper
  • 1 dl utblanda buljong

Slik gjer du:

  • Steik finhakka løk og kvitløk til dei er gyldne
  • Rør inn tomatpurè og hakka tomater
  • yTilsett krydder og buljong
  • La alt koke opp i ca 15 min på lav varme (jo lenger jo bedre, men då må ein spe på med vatn)
  • Klar til servering!

 

 

 

Tips fra: Hverdagsmat.

 

#godtno #tapas #albondigas #kjøttboller #middag #fingermat #matprat #snacks #spansk #spania #spicy 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg