Gradueringsmiddag!

På onsdag var det tid for at årets befalskull på Kjevik skulle graduerast. Vegard og nåken kollega var invitert og då trengte dei jo følge! Og siden Linn er på besøk hos meg denne veka så passa jo der veldig bra 🙂 Vi fekk og ein gylden mulighet til å kjøpa oss nye fine lange kjolar. Det er ikkje så ofte ein får brukt slike, så det var veldig gøy!

Det var ein veldig kjekk kveld som starta med treretters og talar før det gjekk over til polonese og disko! 🙂

Babyshower!

På tirsdag var vi ein gjeng på 10 jenter som overraska Eva med babyshower! Ho har termin om ca 3 veker, så det var vel på tide at vi arrangerte det no 🙂 Ho blei veldig glad og takknemmelig, og bare sjå alle dei fine gavane ho fekk til lille babyen! 🙂

Eg gav ho eit teppe som eg hekla, eit par strikkasokkar og ein liten søt kjole 🙂

DIY: Blomsterkasse med hjul

Til mamma sin bursdag fekk eg for meg at eg skulle laga ein stor blomsterkasse på hjul. Terrassen dei har bygd er så stor og flott, så ein blomsterkasse til å kunne avdele litt er fint 🙂 Å skru sammen kassen var egentlig fort gjort når plankane var kutta opp.   Fleire nettaviser har skreve om denne, les artikkelen blandt anna HER. Om du bruker oppskrifta er det fint om du linker til min blogg 🙂

Du treng:

  • 10 plank på 50 cm
  • 10 plank på 82 cm
  • 2 plank på 56 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 2 plank på 84 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 4 tjukkare plank/ tjukke lektere på 50 cm
  • Plastbalje 65 l fra Felleskjøpet 
  • Terrasseskruer
  • 4 vendbare hjul
  • Drill, sag og bor

 

Slik gjorde eg:

  1. Sag opp alle lengdene.
  2. Bruk dei fire “tjukkare plank/ tjukke lekterane” til å sette opp ei ramme.
  3. Skru på 50 cm plank på to av “lekterane”. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei tre andre plankane og få like mellomrom mellom dei.
  4. Gjer deretter det samme med langsidene på 82 cm. Slik at hele plastbaljen blir kledd inn.
  5. Siden plastbaljen bare er 37 cm høg og kassen 50 cm, så måtte eg bygge plastkassen inni. Der brukte eg bare litt resteplank og skrudde fast, slik at baljen kan stå på den.
  6. På toppen kledde eg rundt med to plank på 56 cm og to plank på 84 cm som er kutta i 45 grader i endane. 
  7. I botnen av plastbaljen har eg og bora hol slik at vatnet kan renna gjennom. 
  8. Til slutt skrudde eg på hjul, slik at den enkelt kan flyttast på. Den er ganske tung, og når det i tillegg kjem jord og stein i den så blir den heller ikkje lettare. 
  9. No er den klar til å beisast!

Her kjem ein liten bildeserie, så kanskje forklaringane blir lettare då 🙂

 #blomsterkasse #blomster #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2

7 år!

Tenk at vi har vore sammen i 7 år allerede! Kjent kvarandre i 10 år og sammen i 7 av dei! 🙂 Heilt utrulig å tenka på. Eg er overlykkelig og håpar vi får mange fleire fine år sammen!:)