Oppskrift: Havrekjeks

Idag vil eg ha nåke godt til Farmen. Og eg orka ikkje gå ut døra for å handle noko ingredienser. Denne oppskrifta er veldig enkel, og ingrediensene er noko dei fleste har i hus til vanlig 🙂

3 dl havregryn   1 dl mjelk   30 gram smelta smør   1ss smør   1ts bakepulver   1ss valgfritt mjøl (eg brukte havremjøl)   litt salt  kanel og kardemomme

Bland mjelk og havregryn saman, og la det trekke i ca 15 min. Bland inn alle tørrvarene og det smelta smøret, rør til du får ein jamn deig. Kjevle deigen ut på kjøkkenbenken og stikk former ut. Bruk gjerne litt mjøl under for at det ikkje skal henge seg fast. Eg kjevla deigen ca 5 mm tjukk. Steik på 200 grader midt i ovnen til dei får litt farge. Ca 10-15 min. Når dei er ferdige skal du ikkje ta dei ut av ovnen, men bare opne døra på steikeovnen og sleppe ut litt varme. La kjeksa stå i ettervarmen i ca 30 min, slik får du sprø havrekjeks!

 Oppskrifta finn du på Linda Stuhaug sin blogg 🙂

4 kommentarer

Siste innlegg