Årets beste julegave

Dette må nok være den beste julegaven eg fekk gitt bort i år. Kanskje litt dumt å komme med dette tipset etter jul, men i frykt for at Besto og Bessen skulle lese bloggen så kunne eg ikkje legge det ut før no. 

SAMSUNG CSC

Bøkene inneholder spørsmål i frå barndom, skulegang, kjærlighet, venner, utdanning, familie og slikt. Heile boka går ut på at mottakaren skal svare på spørsmåla vi lett har for å gløyme og stille. Det er og mange blanke linjer og sider kor besteforeldra kan fortelle og lime inn bilder frå livet. 

Hensikten er at besteforeldra mine skal fylle ut bøkene, og etter dei er ferdig utfylt skal eg få dei i retur 🙂 På den måten vil eg ha ei bok full av gode minner og historiar eg kan lese når eg vil! Eg gler meg vilt!

Så Bessen og Besto, dåke må virkelig gjere ein innsats med bøkene 😉

Var ikkje dette ein fin og minnerik gave? 🙂

#bok #bøker #fortellbestemor #fortellbestefar #gavemedmening 

9 kommentarer

Siste innlegg