Lettstrikka pannebånd

Eg har aldri budd på ein plass med så mykje vind som her på Ørlandet.  Det blåser nesten konstant her oppe, og det merkes når ein er ute å går. Eg har funne ut at eg har meir enn nok av huer, men når eg går med håret i strikk har eg større behov for eit pannebånd som ikkje er i veien. Eg prøvde meg litt fram og kom fram til denne enkle oppskrifta her 😊  Mønsteret kan du jo variert sjølv, men eg har valgt dobbel og enkel perlestrikk her 😊  Lykke til!

 

Du treng:

  • Pinner str 5
  • Garn som passar til pinnestr. Eg brukte dobbel tråd av Sandnes Merinoull, ein tråd som egentlig skal strikkast på pinne 3,5

 

Dobbel perlestrikk:

Slik gjer du:

  • Legg opp 18 eller 20 masker
  • Strikk perlestrikk fram og tilbake til arbeidet måler 36-40 cm eller ønska lengde.
  • Fell av i perlestrikk og sy sammen endane med maskesting.

Dobbel perlestrikk strikkar du slik:

  • 1.pinne: strikk 2 rett, 2 vrang ut pinnen
  • 2.pinne: strikk rett over rett og vrang over vrang
  • 3.pinne: strikk vrang over rett og rett over vrang
  • 4.pinne: strikk likt som du gjorde på 3 pinne. 
  • Gjenta pinne 1-4 til du får ønska lengde.

 

Enkel perlestrikk:

Slik gjer du:

  • Legg opp 17 eller 19 masker. Då får du starte kvar omgang med ei rett maske.
  • Strikk perlestrikk fram og tilbake til arbeidet måler 36-40 cm eller ønska lengde.
  • Fell av i perlestrikk og sy sammen endane med maskesting.

Slik strikkar du enkel perlestrikk:

  • 1.pinne: strikk 1 rett, 1 vrang ut pinnen
  • 2.pinne: strikk rett over vrang og vrang over rett.
  • Gjenta pinne 1 og 2 til du får ønska lengde.

 

Voila, fiks ferdige kjappstrikka pannebånd klare til bruk 😊  Link gjerne til bloggen min om du velger p bruke oppskrifta mi 😊

#diy #byidarossland #kreativ #strikk #strikke #oppskrift #hjemmelaget #hobby #Gjørdetselv #gratis #kjappstrikk #panneband #pannebånd #luestrikk

27 kommentarer

Siste innlegg