DIY: Enkelt knutepannebånd

Ettersom forrige pannebåndoppskrift her på bloggen blir så godt lest, så fant eg ut at det måtte komme ei ny ei. Eg har lenge sett på disse enkle pannebånda med ein knute frampå og syns dei ser så fine ut. Det er jo kvardagsstrikk som er det beste👌🏼 Eg søkte litt rundt og fant ein video hos @patterns_for_knitters på Instagram, på korleis ein skulle sy det sammen for å få til knuten. 😁

Du treng:

  • Et nøste Drops Air eller tilsvarande garn
  • Settpinner 5mm
  • Nål

 

Slik gjer du:

  • Legg opp 40 masker
  • Strikk rundt og rundt til arbeidet måler 44-46 cm (Drops Air er veldig elastisk, så lengden må tilpasses om du bruker anna gran)
  • Sy sammen endane slik at det ikkje er hull i pølsa
  • Følg instruksjonen på bildet under for å få knuten på framsida.

Og voila, fiks ferdig pannebånd! Tagg meg gjerne på Instagram om du bruker oppskrifta mi 🤗 @byidarossland

27 kommentarer

Siste innlegg