DIY: Mariusgenser 1 år

Eg kasta meg ut i det, og plutselig var den ferdig! På lørdag fant eg ut at eg skulle strikke ein liten Mariusgenser, bare for å sjekke om eg klarte å lese oppskrifta og få til rundfellinga. Eg har jo ein mariusgenser til meg sjølv på pinnane, men den tar liksom litt lengre tid.. Uansett, genseren blei faktisk ferdig i går! Så eg brukte bare fire dagar på denne genseren, men då satt eg å strikka heile kvelden.

SAMSUNG CSC

Eg har brukt:

Garn: Supewash fra Europris. 200 gram bunnfarge og litt fra eit nøste av kvar av dei andre fargane.

Pinnar: 60 cm rundpinne 3 mm, 20 cm 3 mm rundpinne og strømpepinnar 3 mm. 

Her har eg starta på armane. Eg måtte begynna med strømpepinnar, men når eg hadde akua til 46 masker sette eg armen inn på ein 20 cm liten rundpinne. Då er det å strikke armar ein drøm!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fant eg i Mariusboka. 

#diy #marius #mariusgenser #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #skappelgenser #1år 

DIY: Skappelgenser str 2-4 år

Rett før jul fant eg ut at eg skulle strikke to enkle gensera til gutane eg er tante til. Dei blir 2 og 3 år gamle, så eg rekna ikkje med at det skulle ta så alt for lang tid. Foråseidasånn, så va ikkje den siste genseren ferdig før 4.juledag.. Jaja, bedre seint enn aldri! Uansett, eg prøvde meg på to enkle variantar, så det blei “Skappelgenser” gutteversjon.

SAMSUNG CSC

 Eg har brukt:

  • Trysil Sportsgarn – 5 nøster
  • 5,5 rundpinne

Bakstykke: Legg opp 52 masker. Strikk ca10 riller med  2 rett og 2 vrange. Strikk deretter rett til arbeidet måler ca 36 cm. Eller er så langt som du ønsker det.

Framstykke: Legg opp 52 masker. Strikk ca10 riller med  2 rett og 2 vrange. Strikk deretter rett til arbeidet måler ca 6 cm kortare enn bakstykket, då skal du felle 10 masker på midten av arbeidet. Du vil då sitte igjen med 21 masker- eit mellomrom der du har fellt av 10 masker- 21 masker. Sett 21 av maskene over på ein hjelpepinne og strikk dei andre 21 maskene, mens du feller ei og ei maske på kvar runde, fire ganger. Du sitt då igjen med 17 masker på pinnen. Fell laust av. Hent deretter opp igjen dei andre 21 maskene du har sett på hjelpepinnen og gjer det samme som på andre sida, til du har 17 masker. Strikk disse 17 maskene så langt arbeidet du vil ha er. 

Armar: Legg opp 30 masker. Start med ca 4 cm vrangbord. Strikk deretter rillestrikk til du kan telle 3 riller på framsida, altså 1 rille er ein gang fram og tilbake på pinnen. Auk deretter ut ei maske på kvar side av pinnen. Strikk deretter 4 riller, og gjenta aukinga. Fortsett med dette til du kan telle 31 riller, eller til arbeidet blir så langt som du må ønske. Fell laust av og strikk ein arm til.  Eit tips er å bruke maskemarkørar der du øker, då blir det enklare å få armane like 🙂

Sidan eg har strikka denne genseren til gut, så har eg valgt å ha framside og bakside like lange, då dette vil gi genseren ein meir gutteform. På jentegenser hadde eg nok valgt å strikke baksia lengre enn framsida. 

Bare sjå kor fornøyde gullgutten var når han fekk genseren på seg! Såg godt og lenge på seg sjølv i speilet før han kyssa speilbildet sitt 🙂 Fining! <3

Genseren var litt stor til John på nesten 2 år, men han veks fint i den 🙂

#skappelgenser #skappel #hjemmelaga #heimelaga #strikk #genser #gjerdetsjølv #gjørdetselv #DIY

DIY: LineLangmo-genser

Her er min versjon av sommarens store strikkehit!  Eg ville ikkje ha genseren så alt for stor, så derfor har eg minska både på masketall og pinnestørrelse. Eg brukte og eit billigare garn enn orginalt, så både tråd og pinnar kom på rett under 400 kr. Det er Ikkje så gale. Dette er ein genser som ein strikkar i ein fei!  

Eg brukte: 

  • 6 stk Drops Alpaca brushed silk natur nr 01
  • 1 stk Drops Alpaca brushed silk Lys grå nr 02
  • 1 stk Drops Alpaca brushed silk Lys beige nr 04
  • 1 stk Drops Alpaca brushed silk Jeans blå nr 13
  • 2 stk Drops kid silk Gråblå nr 08

 

Fram og bakstykke:

Eg har lagt opp 114 masker på rundpinne 7. Legg opp dobbel tråd. Strikk med ein kvit/natur pluss ein fargetråd heile veien. Strikk første rundane med kvit med ein rett og ein vrang. Eg strikka rundt og rundt, og bytta farge til eg hadde strikka til den beige stripa mi. Då sette eg bakdelen øve på ein pinne og framdelen på ein. Det gjer at eg slepp å sy og klippe opp genseren for å få plass til armane. På slutten har eg 18 riller med ein rett og ein vrang, fell av. 

Hals: Fell 8 masker på midten når det er ca 5-6 riller igjen. Fell deretter ei maske på kvar side. Fell av.

 

Armar: 

  • Legg ogg 25 masker. Strikk rett/vrang på det kvite.
  • Øke 2 masker på runde 2 av turkis.
  • Øke 2 masker på runde 5/6 av turkis. (Her er det nok masker til at eg kunne sette strikket øve på ein ruhndpinne.)
  • Øke 2 masker på runde 10/11 av blå
  • Øke 2 masker på runde 1 av kvit
  • Øke 3 masker på runde 7 av kvit
  • Øke 3 masker på runde 2 av beige. No skal du ha ca 39 masker totalt.
  • Øke 3 masker på runde 9 av beige.
  • Øke 4 masker på runde 3 av turkis.
  • Øke 4 masker på runde 5 a turkis.
  • Øke 4 masker på runde 6/7 av turkis

 

Armane måler ca 55 cm fra topp til bunn.

Hovedstykket måler ca 62 cm fra skulder til bunn.

 

Fell av på armane og sy sammen på “retta”.  Då genseren skal brukast på vranga. HER er ein video som viser korleis eg sydde sammen skulderpartiet feks. 🙂

 Til neste gang vil eg nok strikke hovedstykke litt lengre enn denne gangen. Då er det bare til å strikke fleire omgangar. 

 

#diy #skappel #skappelgenser #skappelen #linelangmo #linelangmogenser #stripetegenser  #Strikk #genser  #hjemmelaga #gjørdetselv #interiør #hobby #kreativitet #design #prosjekt  #aftenposten #aftenbladet #minmote #klikkno #kk #boligoghjem #tips #mote #minmote

DIY: Skappelgenser

Endelig heilt ferdig med min andre Skappelgenser! Eg blei egentlig ferdig med den når eg var i Bergen på vei til Kristiansand igjen men når eg hadde montert den blei eg så skuffa øve at armane var for korte.. Så no har den hengt på kleshengar i ei veke og lengden er blitt perfekt! 😀 Fargen blei jo egentlig ganske lik den første, men kvaliteten er ein heilt annan.. 

Eg fekk beskjed på trådbutikken at eg trengte 7 nøster Drops Alpakka og 8 nøster Drops Alpakka silk, men eg har ikkje brukt opp alle. Har i allefall to nøster igjen av kvar sort..  Garnet er billig og på tilbud ut året og, så genseren kostar godt under 300 kr, eit kupp!


Neste genser trur eg eg vil legga opp 32 masker på armen og ikkje auka til fullt 52. Då blir den rettare og smalare 🙂

Glede meg til kalde dagar med god varm genser, så no kan vinteren bare komma 😀

#diy #skappel #skappelgenser #skappelen #Strikk #genser #hjemmelaga