DIY: Skappelgenser str 2-4 år

Rett før jul fant eg ut at eg skulle strikke to enkle gensera til gutane eg er tante til. Dei blir 2 og 3 år gamle, så eg rekna ikkje med at det skulle ta så alt for lang tid. Foråseidasånn, så va ikkje den siste genseren ferdig før 4.juledag.. Jaja, bedre seint enn aldri! Uansett, eg prøvde meg på to enkle variantar, så det blei “Skappelgenser” gutteversjon.

SAMSUNG CSC

 Eg har brukt:

  • Trysil Sportsgarn – 5 nøster
  • 5,5 rundpinne

Bakstykke: Legg opp 52 masker. Strikk ca10 riller med  2 rett og 2 vrange. Strikk deretter rett til arbeidet måler ca 36 cm. Eller er så langt som du ønsker det.

Framstykke: Legg opp 52 masker. Strikk ca10 riller med  2 rett og 2 vrange. Strikk deretter rett til arbeidet måler ca 6 cm kortare enn bakstykket, då skal du felle 10 masker på midten av arbeidet. Du vil då sitte igjen med 21 masker- eit mellomrom der du har fellt av 10 masker- 21 masker. Sett 21 av maskene over på ein hjelpepinne og strikk dei andre 21 maskene, mens du feller ei og ei maske på kvar runde, fire ganger. Du sitt då igjen med 17 masker på pinnen. Fell laust av. Hent deretter opp igjen dei andre 21 maskene du har sett på hjelpepinnen og gjer det samme som på andre sida, til du har 17 masker. Strikk disse 17 maskene så langt arbeidet du vil ha er. 

Armar: Legg opp 30 masker. Start med ca 4 cm vrangbord. Strikk deretter rillestrikk til du kan telle 3 riller på framsida, altså 1 rille er ein gang fram og tilbake på pinnen. Auk deretter ut ei maske på kvar side av pinnen. Strikk deretter 4 riller, og gjenta aukinga. Fortsett med dette til du kan telle 31 riller, eller til arbeidet blir så langt som du må ønske. Fell laust av og strikk ein arm til.  Eit tips er å bruke maskemarkørar der du øker, då blir det enklare å få armane like 🙂

Sidan eg har strikka denne genseren til gut, så har eg valgt å ha framside og bakside like lange, då dette vil gi genseren ein meir gutteform. På jentegenser hadde eg nok valgt å strikke baksia lengre enn framsida. 

Bare sjå kor fornøyde gullgutten var når han fekk genseren på seg! Såg godt og lenge på seg sjølv i speilet før han kyssa speilbildet sitt 🙂 Fining! <3

Genseren var litt stor til John på nesten 2 år, men han veks fint i den 🙂

#skappelgenser #skappel #hjemmelaga #heimelaga #strikk #genser #gjerdetsjølv #gjørdetselv #DIY

6 kommentarer

Siste innlegg