DIY: Kamskjellromper

 

Her er ein søt liten sak som eg var så heldig å få være med å teststrikke. Bodyen er strikka i ein deilig ull/bomull mix i frå Dale garn, som gjer at den passar heilt perfekt heile året.  Det var litt knotete i begynnelsen med mønsteret, og eg gav nesten opp. Men når eg kom lenger og lenger oppover bodyen så var jo mønsteret heilt riktig! Og ikkje minst når den var heilt ferdig og dampa, då var mønsterstrevet virkelig verdt det 🙂 Ps: Hugs å ikkje strikke for slakt i mønsterraden, då blir hulla for store og heile mønsteret litt pløsete.

Garn: Lerke fra Dalegarn

Strikkefasthet: 22/10

Pinne: settpinner nr 3.5 og rundpinne 40cm nr 4

Str: 0-3 (3-6) 6-12 (12-18) 18-24 mnd

Garnmengde: 100 (100) 100 (150) (150) gr

Tilbehør: 5 små treknappar. Kjøpes på Ebay HER.  100 stk til rundt 23 kr.  Eg har kjøpt alle tre størrelsane, her har eg brukt den minste størrelsen.

Denne romperen gav eg til det nyaste tilskuddet i familien, lille Tuva til søskenbarnet mitt 🙂

Oppskrifta finn du hos @Strikkeguttemamma

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg