Oppskrift: Soyaglasert kalkun

Denne oppskrifta kjem seint, men godt. Vi åt dette nåken ganger i romjula, og fekk testa det både på svin og kalkun. Det er nok like godt på kylling og. Eg har kun laga det når eg har hatt ferdigsteikt kjøtt, så steiketida er ikkje for gjennomsteiking av kjøtt. Men det skal jo sjølvsagt gå fint det og så lenge ein legg til den tida ein treng. 

Du treng:

  • Ønska mengde ferdigsteikt kjøtt til 4 personar. Her har eg brukt restar av kalkun, men tidligare i romjula brukte vi restar av steikt ribbe.
  • 2 stk sitrongress eller safta av ei halv sitron ca. (Smak deg fram)
  • 2 dl søt soyasaus (ketcap manis)
  • 1 ss riseddik (eg hadde vanlig klar eddik)
  • 2 ss brunt sukker
  • 2 stk finhakka chili
  • 3 fedd grovkutta kvitløk
  • 1 ss olje til steiking
  • 2 cm revet frisk ingefær
  • Skall av 1/2 lime
  • 1/2 kanelstang
  • 1 stk heil stjerneanis
  • 2 ss finhakka koriander (om du har)

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 180 grader.
  • Fordel kjøttet i ei ildfast form. Bruker du ribbe skal du fjerne svoren og ein del av fettet.
  • Lag glazen. Del sitrongras i to, og deretter i to på langs. Fres chili og kvitløk med sitrongras i ei lita panne. Har du ikkje sitrongras, tilsetter du sitron seinare. Bland inn søt soyasaus, riseddik og brunt sukker, revet ingefær, limeskall, kanelstang og stjerneanis. Rør alt sammen og la det småkoke til sukkeret har løyst seg opp.
  • Hell glazen over kjøttet og vendt godt så alt blir dekka.
  • Varm i ovnen i ca 20 minutt.
  • Strø hakka koriander over før servering.
  • Server med ris og salat.

Oppskrifta er henta frå Matprat.no.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

Siste innlegg