DIY: Hekla kjøkkenklut

God søndag 🙂 Litt nytt på DIY fronten har blitt laga denne veka. Eg har hekla ein haug med fine kjøkkenklutar, som er superfine som julegave til for eksempel besteforeldre, tanter og foreldre. Dei er veldig enkle og lage og ein bruker ikkje så mange timer på å hekle sammen ein klut. Det finnes nok utallige oppskrifter på slike klutar, men dette er i alle fall ein som gjekk fort!

Start med å legge opp 35 luftmasker. Legg opp to ekstra som du skal snu med i første omgang. Altså, skal du hekle første stav i maske nummer 3 fra pinnen.

Deretter er det bare å følge dei to neste punkta til kluten har fått ønska størrelse. Eg valgte å ha dei kvadratiske.

  • 1.omgang: hekle 1 stamaske i kvar av fastmaskene. Snu med ei fastmaske ekstra.
  • 2. omgang: hekle 1 fastmaske i kvar av stavmaskene. Snu med to fastmasker.

 

Eg har brukt Søstrene Grene sin bommulstråd. Denne kan vaskast på 60 grader og er slitesterk. Det er anbefalt å bruke heklepinne nummer 2,5- 3, men eg velger å bruke nr 4 då kluten ikkje skal være for fast, og det går fortare 🙂

Rundt kanten har eg først hekla ein omgang med fastmasker før eg laga ein kant. Så hekla eg ei fastmaske og tre luftmaske før eg festa, ned i annenkvar maske. Det finnes mange forskjellige fine kantar ein kan hekle.

Damp dei lett med strykejern før du gir dei vekk.

Kan du ikkje hekle eller treng du litt hjelp? Ingen problem. Internett er fullt med gode instruksjonsvideoer 🙂 Her er film til korleis du heklar stavmasker og Her er film til korleis du heklar fastmasker.

 

Vil du teste?

#håndarbeid #hekling #DIY #gjørdetselv #selvlaga #hjemmelaga #hjemmelaget #selvlaget #kjøkken #aftenposten #rom123 #kk

 

13 kommentarer

Siste innlegg