DIY: Enkelt babyteppe

Vi har fått eit lite tilskudd i gruppa vår her borte, og den lille jenta måtte jo få ein liten barselsgave! Så når vi var til Florida satte eg i gang med ei enkelt koseprosjekt, nemlig eit babyteppe. Superenkelt om du kan strikke rett og vrang. Det tar jo litt tid med slike tepper, siden dei putselig må være litt lenger enn du hadde tenkt, men viss du bare tar det som eit koseprosjekt om kveldane når du ser på tv feks, så kan det fort 😊  Eg var så lur at eg skreiv ned oppskrifta etterkvart som eg kom på korleis deg skulle sjå ut, så den får dåke under her.

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Rundpinne som passar til garnet du velger. Eg har strikka i pinnenummer 3,5. 
  • God tråd. Kor mykje avhenger a størrelsen på teppe.

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  • Legg opp 150 masker på rundpinnen.
  • Strikk riller att og fram 5 ganger, totalt 10 rader. Dette er nederste kanten på teppet, altså det som blir “ramma”. Sjå til venstre for tommelen min på bildet over.
  • Etter 5 riller skal du begynne på mønsteret. Du skal alltid strikke 5 masker rett på dei 5 første og 5 siste maskene på pinnen. Dette for å lage “stolpane” på ramma rundt.
  • Etter dei 5 første maskene rett, strikker du *10 masker vrang, 10 masker rett*, gjenta til du har 5 masker igjen på pinnen. Desse strikkar du rett. 
  • Snu arbeidet og strikk tilbake på samme måte. Men husk at du strikker “glattstrikk-ruter”, så har du strikka rett på eine sida, skal du strikke vrang når du er på andre sida osv. 
  • Strikk slik 10 omganger før du byttar og strikker omvendt *10 masker vrang, 10 masker rett*. Det er her sjakkmønsteret kjem fram.
  • Strikk teppet så langt du ønsker, men husk å avslutt med 5 riller att og fram, slik at heile teppet blir ramma inn.
  • Fest trådar og teppet er klart for vasking, damping og innpakking.

SAMSUNG CSC

Mulig det var ein rimelig dårlig forklaring, men det er bare til å sjå på bildene så ser du korleis teppet skal sjå ut. Annankvar rute med rett og vrang. 😊

SAMSUNG CSC

#diy #baby #babyteppe #hjemmelaget #heimelaga #heimestrikka #strikka #knitting #babystrikk #gjørdetselv #ruteteppe #enkeltstrikk #enkelstrikk #hobby #kreativitet

12 kommentarer

Siste innlegg