Barca snapshots















#Barcelona #Spain #Spania #reise #ferie #utpåtur 

Få tilbake penger når du shopper på nett!

Her kjeme eit supertips i fra meg! 😀

Når eg skal handle på nett brukar eg alltid å sjekke om butikken er registrert på Kickback.no. Registrerer du deg der så får du pengar tilbake når du handlar. Det kan vere alt i fra 7% av kjøpssummen, til faste summar. Skal du på reise kan du feks få tilbake ein heil del, sjølv fekk eg tilbake ca 300 kr for bookingen gjennom Expedia når vi reiste til London. Det er ikkje store pengar, men gjere du dette kvar gang du handlar på nett så blir det ein del til slutt. No ser eg at eg har 1250 kr registrert på ein konto, og om eg vil kan eg enten overføre dei til bankkortet mitt, kjøpe gavekort eller gi pengane til gode formål. Det er sjølvsagt gratis å registrere seg.

Bare klikk på eit av bildene under for å komme til registrering 🙂



#kickback #pengerspart #nettbutikk #shopping 

Bursdagsønsker

Her er ei knippe av mine ekstremt materialistiske ønsker for bursdagen min! 😉 


Mulberry Bayswater Oak natural Leather with Brass – Mulberry Lily Oak natural leather with soft gold – Coastal blue Le Cruiset panne – Malene Birger IPhone 6 cover – Cathrine Heisenberg Selvskryt bok – LavFoodMap bok – Stort avlangt abstrakt bilde til å ha over sofa, lyse, blå og grå toner – Deilige store gensere fra HM – Stavmikser med forskjellig ekstrautstyr som kutter osv – Voluspa duftpinner – Beige boots str 38/39 – Kvitt KID puseteppe – Voluspa lys – Grønt foldoverskirt fra HM – Malene Birger stor veske – Design house Stockholm Block lampe Stor – Treningsgensere – Symaskin, oppgradering fra IKEA sin… – Kvite (falske) Birkenstock str 38 – Nike lunarglide str 39 1/3 – kitchenaid kjøkkenmaskin (den med mest kraft) – Blå missoni pute  

 

#wishlist #ønskeliste #bursdag #matrealistisk 

Innlegget mitt er i AFTENPOSTEN!

Rett før sommaren fekk eg ein mail fra ei koselig dame i Aftenposten/ Schibstedt. Ho hadde komme over bloggen min og ønskte å publisere nåken av DIY-innlegga mine i dei forskjelige nettavisene deira. Dette var jo egentlig bare utrulig gøy, så dette sa eg jo klart ja til 🙂 Klikk på bildet under for å komme fram til artikkelen.  HER er orginalinnlegget.


Her er andre nettsider artikkelen er publisert i: fv.no/bolig , aftenbladet.no/bolig , bt.no/bolig , adressa.no/bolig . 🙂

#bygg #bord #stuebord #uterom #stue #byggdetselv#side2 #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips #hverdagstips #aftenposten #boligoghjem #aftenbladet #coffeetable #coffetable #stovebord #hjemmelaga #avis #nettavis #publisert 

På bærtur

På tirsdag og onsdag var eg i skogen å plukka blåbær! Tirsdag fant eg ca 2 liter, men eg hadde ikkje bærplukker så det gjekk litt tregt.. På onsdag fekk eg med meg Helge og vi kjøpte oss kvar sin bærplukker og sette kursen mot Vågsbygd! Det var tydelig at det hadde vore mange før oss, men vi fant gode 3 liter kvar, dei timane vi gjekk. Det er deilig å ha eigenplukka bær i frysen, rett og slett litt luksus i kvardagen!

Baneheia

No ligge eg, Mona, Harry, Eva og vetle Zelia i Baneheia å slikker litt sol! Det har vært heilt nydelig her i sør denne veka, kanskje det er sommaren som kjeme litt for seint i år? Vatnet er i allefall deilig å varmt her 🙂

Gratinert hummer med kryddersmør

I helga som var laga eg ein bedre middag til Vegard, og til forrett hadde vi gratinert hummar. Det var så enkelt og godt å lage at eg tenkte å dele kva eg gjore med dåke.  Dette er noko alle kan klare, så lenge dei har ingrediensane i hus. Til hovedrett hadde vi heilsteikt indrefilet av hjort i fra Kvinnheradfjella!<3 

Du treng:

  • 1/2 hummer pr pers til forrett eller 1 hummer per pers til hovedrett
  • Kryddersmør
  • Ruccola eller anna salat
  • Sitron
  • Evt kvitløksbrød ved sidan

Til kryddersmøret treng du:

  • ca 100 gram romtemperert godt smør
  • 1/2 hakka rød chili
  • 1/2 hakka sjarlottløk
  • 1/2 ts paprikapulver
  • 1/2 ts pepper
  • 1/2 ts maldonsalt
  • 1/2 ts cajennepepper
  • 1/2 ts cumin
  • 1 ts basilikum eller frisk hakka basilikum

 

Tilbereding av hummer:

  • Legg hummeren på rygg og del på midten med ein god kniv.
  • Start fra midten og mot halen, deretter fra midten og mot hovudet. 
  • Fjern magesekk og tarmen so ligg langs ryggen, den er mørk tråd.
  • Fjern gjellene og det brun/ gråe greiene i hovet.
  • Om du vil kan du skjære av kloa og legge kjøttet i den oppi hummaren. Då knekke du kloa med ein nøtteknekker eller baksida på ein kniv. Pass på, det kan sprute.

 

  • Så er det bare å ta eit godt lag med kryddersmør på kvar del av hummaren. 
  • Gratiner i ovnen på ca 225 grader i ca 5-10 min, til dei er blitt gyldne. 
  • Server gjerne med litt ruccola og sitron ved sida av.

 

Om du vil så kan du lage denne forretten tidligare på dagen, så kan den stå i kjøleskapet med kryddersmør på. Hugs bare å ta plastflie og aluminiumsfolie øve den, til du skal bruke den


Inspirasjon til kryddersmør er henta her: http://edelsmatvin.blogspot.no/