Strikketips

No er det ikkje mange mnd sidan eg tok opp strikking litt for alvor. Eg har hatt både eit og to strikkeprosjekt om gangen, og garnlageret minkar i rekordfart. Det er jo litt av grunnen til at eg har strikka så mykje og, eg har tydligvis “shopstop” på garn. Det har holdt sånn halveis. Men så lenge garnet ikkje ein gang er innom garnlageret før det blir brukt opp, så må det vel være greit. Eller ka? 😅🙈

Her kjem i alle fall nokon strikketips eg har notert meg. Har du nåken å tilføye blir eg veldig glad om du skrive dei i kommentarfeltet mitt 😊

✖️ Bruk Instagram! Det er her eg finner alt eg har lyst til å strikke. Det finnes så utrulig mange flinke stikkere der ute som viser fram, svare og hjelper på det du måtte lure på.

✖️ Bruk strikkekalkulator til å regne ut aukinger og fellinger. På pc så bruker eg denne sidamen på telefonen har eg no lasta ned ein app. 

✖️ Strikk ferdig eit prosjekt, før du starter på eit nytt. Dette tipset er jo egentlig bare svada, for det fungerer aldri i praksis. Men i teorien så bør du altså ikkje ha så alt for mange prosjekt om gangen. Monter det gjerne og fest tråder før du legg det vekk. 

✖️ Skriv opp kva pinne og garn du bruker til dei forskjellige prosjekta. Eg bruker bloggen til dette. Det er så mykje enklare å gå tilbake om ein lurer.

✖️ Bruk liten rundpinne (20 og 30 cm) på armar, vottar og sokkar. Det er litt knotete i begynnelsen, men så går det som ein leik. 

✖️ Bruk Youtube eller google for hjelp. Garnstudio har og mange gode videoar som viser ulike teknikkar trinn for trinn. 

✖️ Skriv opp det du har lyst å strikke, eller ta print screen på mobilen. Eg har ei eiga mappe til sptrikkeprosjekt på telefonen. 

#strikketips #tips #diy #strikk #kreativ #hobby #hjemmelaget #heimelaga #gjørdetselv #strikking #design

 

16 kommentarer

Siste innlegg